Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2016

Vårens vakreste eventyr?

Blir jordbruksoppgjøret ofte kalla. Eg har no ei kort helg heime før hardkjøret på jobb begynner med statens tilbod i neste veke. 
Det er ikkje mykje som minner om vår heime i Heggenes. 
Snø! I slutten av april. I verdas rikaste land!
Neste gong eg reiser heim er det blitt anten jordbruksavtale eller det er blitt brot mellom staten og jordbruket. Det er då 17.mai. Då håper eg også at våren har bestemt seg for å bryte med vinteren.

Grøne fingre

Har eg nok ikkje akkurat. Men Trond og eg har store ambisjonar når det gjeld dyrking av ting vi kan ete i år. I påska starta vi med dette
Persille. Viss du ser veldig godt etter kan du sjå det er kome opp nokre grøne spirer. 
Timian og tomat. Timianen er kome til liv. Tomaten er stille framleis, men vi lev framleis i håpet. 
To veker etterpå blir det liv, hjå både tomat og timian. 
 Jippi! Kruspersille i lange baner
Førre helg var vi kome så langt at det var på tide å plante over i større krukker. 

Utstyr for tusenvis av kroner. Så langt har vi ikkje akkurat spart pengar på denne sjølvberginga. 

Hanne gjer ting ho ikkje har gjort før. Eg føler meistring. 
Kvinna planter. Mannen lagar ved (av golv han har rive av, med rein muskelkraft). 
Akkurat no står plantene i stova og vi gler oss til det kan setjast ut
Framleis vekst på det meste...

Tomaten er det nok lite håp for...Trond fikk hjelp av YouTube, etter eg hadde planta om, til å bli fortalt at tomat bør stå mykje lenger i primærpotte før den bl…

Lykkelige omstendigheter?

I løpet av dei siste vekene, er folk blitt mykje meir opptekne av korleis eg har det. Korleis eg føler meg. Korleis formen er. Om eg gler meg.

For meg, som eigentleg meiner at folk bør passe på seg sjølv framfor andre, er det vanskeleg å skulle prate med alle moglege om bekkensmerter, søvnproblem og krampe i leggen (kvar jævla natt!). Eg har likevel skjønt at folk meiner det godt når dei spør, så eg er blitt flinkare etter kvart til å svare høflig (i staden for som i starten når eg svarte: "Det er heilt jævlig, og eg vil eigentleg ikkje prate om det").

Sanninga er at eg er i fin form - tross alt. Eg blir likevel noko sjokkert og lettare forbanna kvar gong nokon kallar det å vere i "lukkelige omstendigheter". Det er ikkje det, ser du! Det er ikkje moro å vekse i alle retningar, føle seg som ei oppblåst pølse, at det strammer over alt og at du må opp kvar einaste natt for å strekke ut dei pokkers leggene fulle av krampe.

Det er heller ikkje moro å oppleve at kjæraste…

Parodiske ordførarar og sjølvstyrande rådmenn

Det beste argumentet for kommunesamanslutning i Valdres akkurat no, er at vi kan minske talet på ordførarar og rådmenn. Mogleg det blir mindre underhaldande for oss innbyggjarane, men det er ingen tvil om at det vil vere betre for Valdres.  
Hadde eg vore meir glad i konspirasjonsteoriar, er det ingen tvil om eg kunne lagd ganske mange i Valdres dei siste månadane. Dei siste vekene har det toppa seg. Er det slik at rådmenn og ordførarar eigentleg er store motstandarar av kommunesamanslutning i Valdres, slik at dei har bestemt seg for å rote til heile prosessen?
I så fall har dei lukkast utruleg bra, og vi kunne lagd politisk tv-drama på høgt nivå med utgangspunkt i prosessane i Valdres.
Eg mistenker dessverre at dei ikkje er så smarte. Eg trur dei har klart å rote det skikkeleg til for seg sjølve. Og dessverre, også for oss innbyggjarane i Valdres. Vi er seks kommunar som har gode føresetnader for samarbeid og for å vise styrke. No ser derimot kommuneleiingane i fem av kommunane ut som …

Mitt liv på Valdresekspressen

Kvar veke går minst åtte timar av livet mitt til Valdresekspressen - bussen mellom Oslo og Fagernes. Her skal eg fotodokumentere turen mellom Heggenes og Oslo 11.april.

Venteplassen før turen startar. Bussen kjem omlag klokka sju og er fyrste buss frå Heggenes til Oslo.


Bussbytte på Fagernes. Sidan eg denne helga var så heldig at eg kunne ta fyrste buss måndag i staden for siste buss sundag deler eg bussen til Fagernes med mange skuleelevar. På Fagernes er det ny buss og betre plass. Måndagsmorgon får eg alltid eit heilt sete for meg sjølv (jippi!).

Trøtt, men fatta. Bussen går frå Fagernes samtidig som Politisk kvarter startar. Det vil si; denne morgonen er bussen forsinka. Å høyre på ein Trond Giske som hissar seg unødig opp mens bussen står stille, er ikkje ein god start på dagen.

Bagn! Plassen eg er vakse opp på og der store deler av familien min bur. Kjem på nokon som sjølvsagt må sette seg rett bak meg. Og der rauk drømmen om å lene setet tilbake når rygg og bekken snart begynner…