Gå til hovedinnhold

Mitt liv på Valdresekspressen

Kvar veke går minst åtte timar av livet mitt til Valdresekspressen - bussen mellom Oslo og Fagernes. Her skal eg fotodokumentere turen mellom Heggenes og Oslo 11.april.

Venteplassen før turen startar. Bussen kjem omlag klokka sju og er fyrste buss frå Heggenes til Oslo.


Bussbytte på Fagernes. Sidan eg denne helga var så heldig at eg kunne ta fyrste buss måndag i staden for siste buss sundag deler eg bussen til Fagernes med mange skuleelevar. På Fagernes er det ny buss og betre plass. Måndagsmorgon får eg alltid eit heilt sete for meg sjølv (jippi!).


Trøtt, men fatta. Bussen går frå Fagernes samtidig som Politisk kvarter startar. Det vil si; denne morgonen er bussen forsinka. Å høyre på ein Trond Giske som hissar seg unødig opp mens bussen står stille, er ikkje ein god start på dagen.


Bagn! Plassen eg er vakse opp på og der store deler av familien min bur. Kjem på nokon som sjølvsagt må sette seg rett bak meg. Og der rauk drømmen om å lene setet tilbake når rygg og bekken snart begynner å bli svært stivt!


Klokka er 0848 og vi passerer Begna bruk.


Nes i Ådal. Då eg var yngre stoppa bussen alltid her og det var pause. Det gjer den heldigvis ikkje lenger. No startar vi derimot på Noregs kjedelegaste vegstrekning; Ådalen. Dårleg nettdekning gjer ikkje saken betre.


Snork!


Ankomst den estetiske perla Hønefoss. Tre minutt etter rute. Dette lover bra!


Ankomst Oslo! Kjem til bussterminalen i rute.


Gåtur opp til arbeidsplassen gjennom sentrum. Brukar dobbelt så lang tid som normalt pga holdliknande smerter på høgre side i magen som gjer at det er vondt å gå. Eg er blitt ein hypokonder av ein latsabb som snart må begynne å ta drosje frå buss til jobb.


Endeleg! Framme i det konglege landbruks- og matdepartement. Omlag fire og ein halv time etter eg gjekk ut av døra heime.


Takk til Valdresekspressen! De er viktige i livet mitt, og eg er utruleg glad i tilbodet de gjev meg. Eg veit eg klagar på kø, lukter og fulle bussar i blant, men det er typisk norsk å klage litt når vi alt i alt er svært nøgde! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…