Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2016

Å snappe etter luft!

Eg har trappa ned på talet innlegg, taler og foredrag dei siste vekene. Det er bra. Lungene mine har rett og slett ikkje kapasitet til slikt lenger. 
For meg, som pratar raskt og energisk, er det krevjande å ta pauser for å puste. 
Det som overraskar meg mest med å vere gravid, er dette underskotet på luft heile tida. Javisst taklar eg å bli andpusten av å gå opp ei trapp (det er eg delvis vant til). Men andpusten av å prate? Det er uvant! 
Nokon vil sikkert meine det er taleteknisk lurt å ta pauser når du prater. Slik sett er eg kanskje blitt ein betre taler av dårlegare lungekapasitet. 
I dag har eg halde innlegg på engelsk på Trondheimskonferansen om biologisk mangfald. Dobbel utfordring. 
Det gjekk heilt fint, altså. Men det gjekk sakte. Og eg trur det enkelte gonger kunne høyrast ut som eg var rørt og følsom, mens eg eigentleg berre snappa etter luft. Kanskje ikkje dumt, når alt kjem til alt. 
Å stumpe røyken kompenserer ikkje for ein baby som krev sin plass. Eg satsar i alle fall på a…

Eg bur jo midt i villmarka jo!

Mens eg i vinter har halde meg langs vegane (eller på trugene) når eg har gått tur i mitt nye heimområde, var tida i helga kome til å utforske ein av dei mange skogsvegane.

Og veit de kva? Eg følte meg som eg bur i urørt natur då eg spaserte langs vegen. Trond klarte til og med å skremme meg med at det snart kom til å dukke opp bjørn og andre ville dyr.

Du er eigentleg ganske nært innpå menneske, men når du går inn i skogen er plutseleg alt du høyrer fossebrus og du føler at du bur midt i eit villmarksparadis. Og ja, så høyrer eg også kjærasten som syng: "Nei, så tjukk du har blitt" til ære for meg.
Eg gler meg allereie til neste helg (og ikkje minst til permisjonen snart startar) når eg skal utforske endå fleire veger og stigar i Heggenes. Då skal eg driste meg til å forlate skogsvegen og gå mine eigne vegar. 
No går turen til Trondheim for konferanse om biologisk mangfald. Så ikkje berre har eg fått gått i biologisk mangfald i Valdres i helga. I morgon skal eg også få prate…

Ei veke i Valdres

Denne veka har eg fått ein liten forsmak på korleis livet i permisjon blir (vel - det har eg eigentleg ikkje fått, men eg får i alle fall kjensla av korleis det er å vere heime fleire dagar i strekk). Pga diverse avtaler som ein kommande baby fører med seg, har eg denne veka vore på Heggenes, og ikkje i Oslo.

Når du jobbar i Landbruks- og matdepartementet, er det jo fint å jobbe i omgjevnader der du faktisk ser ut glaset og ser jordbruksverksemd og ikkje betong. Det har eg gjort denne veka.

Etter at arbeidsdagen er slutt, er det tid for handling av mat. Denne gongen trengte vi berre egg, og dei kjøper vi ikkje på butikken, men av ein bonde på sju år. Han har verdas beste egg, og pga jordbruksoppgjøret hadde prisen no gått opp med 50 %. Eg prøvde å si at det var meir enn kva Bondelaget kravde, men det hjalp visst ikkje.

På gardsutsalet treff vi også denne her vesle karen. 


Trond får også helsa på to krabater. Eg drømmer om ein liten kjælesau. Trond har strekt seg så langt at han har gått…

Orden i huset er for kjedelege folk!

Kva gjer vi når vi har kjøpt oss eit nytt hus som eigentleg fungerer heilt fint? Jo, sjølvsagt sett vi då i gang med å øydelegge det.

Trond har funne ut at han må rydde i 2.etasjen og då gjer han det skikkeleg. Per dags dato har vi ikkje golv i nokon rom, og vegger manglar jamen også enkelte plassar.  Pytt, pytt, vi har jo nok plass i 1.etasje.

Dette var eit bad då vi flytta inn. No er det, slik eg ser det, berre isolasjon. Det skal bli eit nytt bad. Forhåpentligvis om ikkje så altfor lang tid.
Trond begynte å rive golvet i stova i 2.etasje for ei stund tilbake. Då oppdaga vi sjølvsagt muselort og mus. Det er akkurat kva du håper på når du skal legge nye golv, pusse opp bad og setje i stand både soverom og barnerom i 2.etasje.

For å gjere ei lang historie kort; vi (altså, Trond) måtte sette arbeidet på vent slik at forsikringsselskap fekk undersøkt saka. Det tek tid. Fleire veker. I førre veke begynte panikken å ta meg; "herregud, vi får ein baby om to månader. Det er ikkje golv i…

Finale i kveld - her er mine terningkast

1. BelgiaLaura Tesoro - What's the pressure
Feelgood-music. Du får lyst til å danse. Minnar litt om UK sitt bidrag i fjor. Får ein kjensle av 80-tal kombinert med litt Sophie Ellis-Bextor. Låta vart mykje betre live enn då eg høyrte ho på Spotify fyrste gong. Jenta kan jo både danse og synge! Du får lyst til å feste av dette. Bra Belgia! Opp ein karakter frå lytting til sjåing.
Terningkast: 5
2. TsjekkiaGabriela Guncikova  - I stand
Eg orkar ikkje å høyre fleire låter om "monsters inside my head". Det blir for dumt. Det er ikkje stygt, altså. Det blir berre tåpeleg.
Terningkast: 3
3. NederlandDouwe Bob - slow down
Nederland er eit morosamt land. Dei har ofte sendt gode låtar, men dei når aldri opp. Det blir liksom for rart. Europa skjønner det ikkje. Det gjer dei nok ikkje i år heller. Men eg skjønner dykk, Nederland! Kom til meg. Dette er koseleg. Litt retro, men koseleg som berre det. Overraska positivt på scena, men ikkje nok til å få ein ekstra karakter ekstra.
Terningkast: …

Nei! Det var ikkje ein sjokk-exit! Det var heilt venta.

Eg sluttar aldri å bli overraska over norske medier sin inngang i Eurovision Song Contest. Det verkar nesten som dei trur vi kjem til å vinne kvart einaste år. Og vi har tydeligvis den beste låta kvart einaste år. Og dei som ikkje forstår det, skjønner ikkje sitt eige beste. Resten av Europa ligg nemlig litt bak vår musikksmak.


I år har vi vore langt nede på bettinglistene. Det er ingen som har spådd Noreg i toppen. Det har vore over tjue land som bookmakerane har meint at etter all sannsynlegheit kom til å gjere det betre enn oss. Det bryr riktignok ikkje norske MGP-journalistar seg om. Noreg er nemlig best. Uansett. 
Nei, kjære alle norske aviser. Det var ikkje eit sjokk at Noreg ikkje kom vidare. Det var heilt venta. 
Javisst er det trist. Javisst kan vi meine det er surt. Javisst meiner også eg at Noreg hadde betre låt enn mange av dei som gjekk vidare. Men vi var ikkje gode nok. Sorry!
Og ver snill; spar oss for konspirasjonsteoriane. Det er ikkje Øst-Europa som har bestemt seg f…

Semifinale 2 i Eurovision Song Contest - min dom

1. LatviaJusts Sirmais - Heartbeat
Elektronika? Eller noko slikt...det gjev ikkje meg støt, akkurat. Det er kjedeleg. Eg sovner, trur eg.
Terningkast: 2
2. PolenMichael Szpak - Color of your life
Eg likar slike svulstige ballader med litt tempo slik at dei ikkje blir heilt døde. Dette er betre enn på lenge, Polen. Jada; dette er så klisjefyllt at det nesten blir kvalmt ("Tell me, black or white?"). Og ja; eg er litt øydelagt!
Terningkast: 4
3. SveitsRykka - The last of our kind
Nok ein av desse poplåtene frå kvinnelege artister i årets konkurranse, som eigentleg ikkje gir så mykje meir enn tre minutt med sang. Denne er riktignok litt betre og litt meir lyttevenleg enn dei eg har høyrt før. Det er eit eller anna i låta som seier meg at dette er litt meir kvalitet
Terningkast: 4
4.IsraelHovi Star - Made of stars
Bobyband-feeling! Og det likar eg. Dette er også svulstig, men eg er tydeligvis i det humøret og i den tilstand at eg likar det sentimentalt. Ja, la meg gråte! NO! "We…

Semifinale 1 i Eurovision Song Contest - min dom

1. FinlandSandhja - Sing it away
Lett likande poplåt, som du har gløymt omlag eitt sekund etter du har høyrt låta. Du får kjensla av at du har høyrt dette før, og at du eigentleg ikkje treng høyre det att.
Terningkast: 3
2. HellasArgo - Utopian land
Hellas brukar ofte å stille med låtar som eg likar. Anten det er lettkledde syngedamer eller testosteronsprengte ompa-ompa-fyrar. Dette her veit eg ikkje heilt kva er, men det startar bra. Litt folkemusikkpreg, men så blir det berre verre og verre. Dette er grusomt. Det er korkje fin syngedame (trur eg) enn ompa-ompa.
Terningkast: 1
3. MoldovaLidia Isac - Falling stars
Tydeligvis ei syngedame som likar å vise kor flink ho er. Det høyrast i starten ut som syngejukking, eller kva du kallar det. Referenget er betre enn verset. Men dette blir ikkje meir enn midt på treet dette heller (som så mykje i denne semifinala).
Terningkast: 3
4. UngarnFreddie - Pioneer
Eg brukar ofte å like Ungarn. Men  eg likar dei best når dei sender noko folkemusikkprega m…

Romantisk hotellweekend - 10 minutt heimefrå

Eg elskar å reise. Trond elskar å vere heime. Vi er likevel delvis einige om at det er koseleg å bu på hotell, slappe av og ete god mat.

Sidan vi flytta inn i huset vårt, har vi ikkje reist. Siste turen var til Liverpool i desember.

Eg har allereie no begynt å drømme meg bort i reiser eg skal gjere det neste året. Eg tenkjer at permisjonstid er synonymt med reisetid. Trond er ikkje einig og meiner permisjonstid er synonymt med heimetid.

Vi har likevel vore einige om at det hadde vore artig å ta ein tur på Herangtunet. Dette botiquehotellet i Heggenes, som vi har høyrt så mykje om. Så er liksom spørsmålet, er det greitt å svi av fleire tusenlappar på å reise 10 minutt for å sove?

Vel...utan at eg skal drøfte det inngåande, meiner i alle fall Trond at det er betre å køyre 10 minutt enn å ta fly i 10 timar. Dessutan er det meir klimavenleg vil han også hevde. Dessutan støttar vi opp om lokalmiljøet, vil han hevde. Det siste er eg einig i.

Bursdagsgåve til Trond i år vart difor ei overnat…