Gå til hovedinnhold

Eg bur jo midt i villmarka jo!

Mens eg i vinter har halde meg langs vegane (eller på trugene) når eg har gått tur i mitt nye heimområde, var tida i helga kome til å utforske ein av dei mange skogsvegane.

Og veit de kva? Eg følte meg som eg bur i urørt natur då eg spaserte langs vegen. Trond klarte til og med å skremme meg med at det snart kom til å dukke opp bjørn og andre ville dyr.

Du er eigentleg ganske nært innpå menneske, men når du går inn i skogen er plutseleg alt du høyrer fossebrus og du føler at du bur midt i eit villmarksparadis. Og ja, så høyrer eg også kjærasten som syng: "Nei, så tjukk du har blitt" til ære for meg.

Eg gler meg allereie til neste helg (og ikkje minst til permisjonen snart startar) når eg skal utforske endå fleire veger og stigar i Heggenes. Då skal eg driste meg til å forlate skogsvegen og gå mine eigne vegar. 

No går turen til Trondheim for konferanse om biologisk mangfald. Så ikkje berre har eg fått gått i biologisk mangfald i Valdres i helga. I morgon skal eg også få prate om og lære meir om biologisk mangfald. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …