Gå til hovedinnhold

Ei veke i Valdres

Denne veka har eg fått ein liten forsmak på korleis livet i permisjon blir (vel - det har eg eigentleg ikkje fått, men eg får i alle fall kjensla av korleis det er å vere heime fleire dagar i strekk). Pga diverse avtaler som ein kommande baby fører med seg, har eg denne veka vore på Heggenes, og ikkje i Oslo.

Når du jobbar i Landbruks- og matdepartementet, er det jo fint å jobbe i omgjevnader der du faktisk ser ut glaset og ser jordbruksverksemd og ikkje betong. Det har eg gjort denne veka.

Etter at arbeidsdagen er slutt, er det tid for handling av mat. Denne gongen trengte vi berre egg, og dei kjøper vi ikkje på butikken, men av ein bonde på sju år. Han har verdas beste egg, og pga jordbruksoppgjøret hadde prisen no gått opp med 50 %. Eg prøvde å si at det var meir enn kva Bondelaget kravde, men det hjalp visst ikkje.

På gardsutsalet treff vi også denne her vesle karen. 



Trond får også helsa på to krabater. Eg drømmer om ein liten kjælesau. Trond har strekt seg så langt at han har gått med på at eg kan få ein katt. 

På kvelden ser Trond på fotballkamp. Eg lagar mat. Eggerøre, sjølvsagt. Verdas beste. 

Dagen etterpå er det tur til Gjøvik og ein ekstra ultralyd for å sjekke at babyen har det bra. Sidan eg er hjarteoperert er det viktig å sjekke at hjartet mitt pumpar nok blod til den vesle karen. Det gjer det. I følgje legen veks ungen som berre det (hjelpe meg - betyr det at han blir ein kjempe?) og er no to kilo. Omtrent 1/10 av det eg har lagt på meg, med andre ord. 

Etterpå tek vi ein tur til Ikea. Nokon vil påstå at det er ein større belastning for hjartet enn eit svangerskap. 

Men, Ikea på Ringsaker var ein overraskande positiv oppleving. Nok av folk som jobbar der, alltid hjelp å få og dei hadde alt vi skulle ha på hyllene. Og butikken var ryddig. Og fin!

Ganske sur Hanne på Ikea. Ta bilete av alt, for så å finne det på lagerhyllene. Siste del mest keisamt, men denne gongen opplevde eg for fyrste gong at dei hadde alt vi skulle ha. Hurra for Ikea Ringsaker!

Så stressa vi heim for å rekke folkemøte om kommunereform. Slik kjem livet mitt til å bli. Eg må gå på folkemøte på kveldene og engasjere meg i lokalsamfunnet. Så kan eg klage litt på alle andre etterpå, men utan eigentleg at eg gidd gjere noko med det sjølv. Før eg blir tvinga til å bli med i FAU om nokre år. 

Dei som kjenner meg, veit at det verste eg veit er folk som ikkje tek standpunkt. Folk som er einig med alle. Folk som ikkje tør å stå for noko. Politikarar som seier: "Ja, det var interessant, det skal eg sjå på", mens dei eigentleg veit at det kjem dei aldri til å gjere noko med. Meg som politikar er meir typen som seier: "Nei - det har eg ikkje pengar til" eller "Nei - det kjem eg ikkje til å prioritere". Mange meiner sikkert det er brutalt. Eg meiner det er ærleg. Har eg bestemt meg for noko er det mest ærleg å seie det. 

Fem ordførar. To har tatt standpunkt for kommunesamanslutning. Ein er motstandar. To har ikkje bestemt seg! Eller dei tør ikkje seie kva dei har bestemt seg for! Det er heilt utruleg!! Her arrangerer dei altså folkerøysting, og forventar at innbyggjarane skal bestemme seg anten for eller mot. Men dei sjølve? Nei, dei vil ikkje seie kva dei meiner! Fordi dei seier det er så vanskeleg!!

Eg blir heilt matt av slikt. Altså; det er lov å seie at ting er vanskeleg. Men klarar du ikkje bestemme deg, bør du ikkje bli politikar. Klarar du å bestemme deg, men ikkje tør stå for kva du har bestemt deg for, så bør du heller ikkje bli politikar. Så enkelte er det. Det finst nemlig andre jobbar der folk kan bestemme for deg!

Dei fem ordførarane til høgre. Eivind Brenna, Kåre Helland og Inger Torun Klosbøle har bestemt seg. Dei to andre klarar ikkje, eller vil ikkje  bestemme seg. Og slike menneske har folk tillit til at skal leie kommunen og vere handlekraftige? Heilt utruleg! Eivind Brenna var, etter mi meining, kveldens tydeligaste. Det sett eg pris på! Var dette eit personval, ville eg stemt på han (jada - så er vi einige om at Valdres bør bli ein kommune også - det pregar sjølvsagt dette synspunktet).


På måndag blir det jamen nok ein dag heime i Valdres før turen går tilbake til Oslo (blir fint det også). Måndagen blir mellom anna nytta til å sjå fødselsvideo hjå jordmor i lag med Trond, for så å ha ei samtale etterpå. Eg veit ikkje om eg klar for dette, men begynner no å skjønne at det er enkelte ting ein berre må gjennom og at det ikkje finst ein angreknapp. 

På måndag skal eg også stemme. Eg skal stemme for ein større kommune. Det valet er forresten tusen gonger enklare enn å velje barnevogn. Der er eg omtrent like vinglete og ubestemmeleg som enkelte ordførarar i Valdres er. 




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…