Gå til hovedinnhold

Finale i kveld - her er mine terningkast

1. Belgia

Laura Tesoro - What's the pressure
Feelgood-music. Du får lyst til å danse. Minnar litt om UK sitt bidrag i fjor. Får ein kjensle av 80-tal kombinert med litt Sophie Ellis-Bextor. Låta vart mykje betre live enn då eg høyrte ho på Spotify fyrste gong. Jenta kan jo både danse og synge! Du får lyst til å feste av dette. Bra Belgia! Opp ein karakter frå lytting til sjåing.

Terningkast: 5


2. Tsjekkia

Gabriela Guncikova  - I stand
Eg orkar ikkje å høyre fleire låter om "monsters inside my head". Det blir for dumt. Det er ikkje stygt, altså. Det blir berre tåpeleg.

Terningkast: 3


3. Nederland

Douwe Bob - slow down
Nederland er eit morosamt land. Dei har ofte sendt gode låtar, men dei når aldri opp. Det blir liksom for rart. Europa skjønner det ikkje. Det gjer dei nok ikkje i år heller. Men eg skjønner dykk, Nederland! Kom til meg. Dette er koseleg. Litt retro, men koseleg som berre det. Overraska positivt på scena, men ikkje nok til å få ein ekstra karakter ekstra.

Terningkast: 4


4. Aserbajdsjan

Samra - Miracle
Dette landet, som eg aldri klarar å skrive rett, sender stort sett alltid låtar det er lett å like til ESC. Dette er ein lett fordøyeleg poplåt, som forsvinn i mengden, men det kan enkelte gonger vere positivt i denne musikkonkurransa.

Terningkast: 3


5. Ungarn

Freddie - Pioneer
Eg brukar ofte å like Ungarn. Men eg likar dei best når dei sender noko folkemusikkprega med sære instrument og kor. Dette er ein syngetype, som ikkje gjør så mykje meir ut av seg enn å synge. Sangen er, nok ein gong, midt på treet.

Terningkast: 3


6. Italia 

Francesca Michielin - no degree of separation
Eg har vore svak for dei italienske bidraga dei siste åra. At dei ikkje vann i fjor, er ein skam! Ein skam! Fuck you, fagjuryar. Heia publikum! Dette er ikkje like bra som fjorårets bidrag, men det er mektig Italiensk. Og eg likar det. Sjølvsagt!

Terningkast: 4


7. Israel

Hovi Star - Made of stars
Bobyband-feeling! Og det likar eg. Dette er også svulstig, men eg er tydeligvis i det humøret og i den tilstand at eg likar det sentimentalt. Ja, la meg gråte! NO! "We are all made of stars" (nei, vi er vel eigentleg ikkje det, men eg kjøper det!). Eg må nok justere ned etter liveopptreden i semifinala. Makan til glatt og blærete type skal ein leite lenge etter. Sorry, altså. Null poeng frå Heggenes.

Terningkast: 3


8. Bulgaria

Poli Genova - If love was a crime
Svulstig tittel gjør jo at forventingane er forholdsvis låge før eg lyttar til låta. Og dette startar som noko eg vil tru ungdomsskuleelevar høyrer på - altså noko som er på topp 20-lista. Eventuelt litt Scooter-inspirert (referanse fungerer berre for oss mellom 25 og 40). Elles er dette ganske kjedeleg. Eg justerer ikkje opp terning etter liveopptreden, men eg trur dette kan gjere det bra. Det ser kult ut.

Terningkast: 3


9. Sverige

Frans - If I were sorry
Eg høyrte denne låta fyrste gong i ei semifinale i Melodifestivalen. Eg tenkte "Fy søren for ein søt låt, men den kjem jo aldri til å vinne". Det gjorde den gitt. Dette er mykje betre enn dei spjåkete, kalkulerte, sjarmlause og lite ekte låtene Sverige har sendt dei siste åra.

Terningkast: 5


10. Tyskland

Jamie Lee - Ghost
Fin låt som aldri tek av. Låta er vanskeleg å få tak på. Eg skjønner ikkje kva dei vil med låta.  Eg føler meg ganske sikker på at Tyskland ikkje vinn i år.

Terningkast: 3


11. Frankrike

Amir - J'ai Cherche
Dette er visst også av favorittane til årets konkurranse. Det kan eg forsåvidt forstå. Men dei fem store når sjeldan opp. Sjølv om dette er fint, vinn det aldri.

Terningkast: 3


12. Polen

Michael Szpak - Color of your life
Eg likar slike svulstige ballader med litt tempo slik at dei ikkje blir heilt døde. Dette er betre enn på lenge, Polen. Jada; dette er så klisjefyllt at det nesten blir kvalmt ("Tell me, black or white?"). Og ja; eg er litt øydelagt! Her er eg så barnsleg at eg justerer ned etter semifinale 2 fordi eg tykkjer det lange håret, barten og den raude dressen vart for mykje. Eg kan ikkje gje dette så høg poengsum, rett og slett.

Terningkast: 3


13. Australia


Dami Im - Sound of silence
Er det Enya? Eller er det berre ein Disney-låt? Nei - det er Australia! Velkomen til Europa dykk frå Down Under. De skal få bli her hjå oss! Etter liveopptreden er eg ikkje blitt større fan av songen, men eg meiner dei har forsterka sjansene sine til å vinne. Skulle eg putta pengar på ein vinnar akkurat no, puttar eg pengane på Australia.

Terningkast: 4


14. Kypros

Minus-one: Alter ego
Wannabe-rockere. Prøver å vere litt The Killers, og det fungerer forsåvidt. Denne låta er av dei betre i denne semifinalen. Jammen gjekk dei ikkje vidare også - det hadde eg ikkje trudd. Imponerte ikkje stort live, men skuffa ikkje nok til at eg trekk dei ned.

Terningkast: 5


15. Serbia

ZAA Sanja Vucic - Goodbye (Shelter)
Me like! Det er noko med melodien. Det er noko med måten å synge på. Dette er fint å høyre på. Du blir ikkje i godt humør, men du får lyst til å drikke ein ekstra god klunk med vin. Serbia imponerte også live i fyrste semifinale. Dei kan bli farlege. Verkeleg farlege.

Terningkast: 5


16. Litauen


Donny Montell  - I've been waiting for this night
Eg tok feil i stad. Det er denne låta her som minnar om One Diresction! Det er tydeligvis noko med meg og Boyband. Verset kjedeleg her, men refrenget er flott. Vi likar dette! Etter liveopptreden, justerer eg ned. Det blir for kjedeleg med alle desse glatte unggutane som syng One Direction-låter.

Terningkast: 4


17. Kroatia

Nina Kraljic - Lighthouse
Kroatia + ei dame som heiter Nina og noko eg ikkje klarar å uttale. Eg har store forhåpningar før eg høyrer låta. Og det startar fint. Det minnar meg om ein blanding av Bertine Zetlitz og noko anna eg har høyrt, men ikkje hugsar kva er. Eg likar dette. Ikkje supert, men betre enn gjennomsnittet. Beste song så langt!

Terningkast: 4


18. Russland

Sergey Lazarev - You are the only one
Dette har eg likt frå fyrste gong eg høyrte låta. Eg visste ikkje det var Grand Prix. Eg visste ikkje det var Russland. Det veit eg no. Og det er denne låta som kjem til å vinne i år. Det er supert. Det er Russland. Det er årets vinner, og det er betre enn sist dei vann. Heia Russland! Det var ingen artistar som gjorde meg meir flau under semifinalene enn Russland. Makan til pinleg sceneshow. Det ser berre dumt ut! Dessutan likna det på Sverige i fjor. Eg elskar låta - hatar sceneshowet. Var glad eg ikkje trekker meir enn eit poeng!

Terningkast: 5


19. Spania

Barei - Say Yay!
Eg er svak for spansk språk og spanske rytmer. Eg drømmer framleis om å lære meg spansk. Difor blir jo skuffelsen veldig stor når artisten syng på engelsk. Dette minnar meg om ein svak versjon av ei eller anna amerikansk gospel-aktig-synge dame, som går i bikini på scena.

Terningkast: 2


20. Latvia

Justs Sirmais - Heartbeat
Elektronika? Eller noko slikt...det gjev ikkje meg støt, akkurat. Det er kjedeleg. Eg sovner, trur eg.

Terningkast: 2


21. Ukraina

Jamala - 1944
Dette må vere årets mest oppskrytte låt. Altså; eg har sympati for Ukraina og alt det der, men sorry; Russland er best i Grand Prix, altså. Dette er grusomt. Og grusomt kjedeleg. Eg skjønner ikkje kor anmeldarar og ekspertar finn kvaliteten her. Liveopptreden hjalp ingenting på, forresten.

Terningkast: 1


22. Malta

Ira Losco - Walk on water
Kjedeleg. Dette er også ein av desse midt-på-treet-poplåt-framført-av-syngedame. Eg blir ikkje imponert. Det er til og med mogleg eg må gå på do. Eg justerer opp etter liveopptreden. Eg trur dette kan kome høgt. Dama har utstråling og dette kan bli svært bra!

Terningkast: 4


23. Georgia

Nika Kocharov & Young Georgian Lolitaz
What? Kven er det som syng dette, sa de? Eg må riste av meg skepsisen og skride til låta med null fordommar. Georgia er eit rart land i MGP. Det er dei i år også. Dette er ikkje fint.Dette er grusomt!

Terningkast: 1


24. Østerrike

Zoe - Loin d'ici
Koseleg låt, som minner litt om Helene sine låter i "Helene-gutta", men der eg kanskje vil rangere Helene sine eit hakk høgare. Det er ikkje dårleg dette, men det er ikkje bra heller. Eg justerer opp etter liveopptreden. Ikkje fordi det er så veldig høg kvalitet, men Zoe er jo så søt. Og så blid. Dette har mykje sjarm!

Terningkast: 4


25. England

Joe & Jake - You're not alone
Nei - eg skal ikkje si dette minnar meg om One Direction. Men veit de kva? Eg tykkjer det gjer det! Det er kanskje uorginalt å si at alt minnar om One Direction, men det gjer det!! Men for n'te gang; eg likar One Direction, eg!

Terningkast: 3


26. Armenia

Iveta Mukuchyan - LoveWave
Åjåjåj. Her startar vi med viskesynging. Og så veit eg ikkje heilt kva det blir etter det. Kva prøver denne låta eigentleg å vere? Dette er rart. Og ikkje på ein god måte. Men det ser ut som ho er ei pen dame, så eg tippar dei går vidare. Og det gjorde dei også - utruleg nok.

Terningkast: 2


Kven eg trur vinn? Australia, med Belgia og Serbia som sterke utfordrarar. Også trur eg Malta kan overraske. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…