Gå til hovedinnhold

Orden i huset er for kjedelege folk!

Kva gjer vi når vi har kjøpt oss eit nytt hus som eigentleg fungerer heilt fint? Jo, sjølvsagt sett vi då i gang med å øydelegge det.

Trond har funne ut at han må rydde i 2.etasjen og då gjer han det skikkeleg. Per dags dato har vi ikkje golv i nokon rom, og vegger manglar jamen også enkelte plassar.  Pytt, pytt, vi har jo nok plass i 1.etasje.

Dette var eit bad då vi flytta inn. No er det, slik eg ser det, berre isolasjon. Det skal bli eit nytt bad. Forhåpentligvis om ikkje så altfor lang tid.

Trond begynte å rive golvet i stova i 2.etasje for ei stund tilbake. Då oppdaga vi sjølvsagt muselort og mus. Det er akkurat kva du håper på når du skal legge nye golv, pusse opp bad og setje i stand både soverom og barnerom i 2.etasje.

For å gjere ei lang historie kort; vi (altså, Trond) måtte sette arbeidet på vent slik at forsikringsselskap fekk undersøkt saka. Det tek tid. Fleire veker. I førre veke begynte panikken å ta meg; "herregud, vi får ein baby om to månader. Det er ikkje golv i 2.etasje. Og alt av utstyr til babyen står trøkt inne på eit midlertidig roterom".

No har vi endeleg fått klarsignal på at vi kan begynne arbeidet med å byggje opp att det Trond har rive ned. I dag var handverkarar på plass. Eg hadde heimekontor. Eg som brukar å vere veldig irritabel i støy tenkte heile dagen at "dette er bra støy" og var eigentleg i overraskande godt humør. Nokon er i ferd med å fikse huset mitt. Huset blir kanskje bra att!

Velkomen kjære baby. Her skal du bu. Håper det er golv her når du kjem til verda, og at vi kanskje også til og med har fått måling på veggane. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…