Gå til hovedinnhold

Romantisk hotellweekend - 10 minutt heimefrå

Eg elskar å reise. Trond elskar å vere heime. Vi er likevel delvis einige om at det er koseleg å bu på hotell, slappe av og ete god mat.

Sidan vi flytta inn i huset vårt, har vi ikkje reist. Siste turen var til Liverpool i desember.

Eg har allereie no begynt å drømme meg bort i reiser eg skal gjere det neste året. Eg tenkjer at permisjonstid er synonymt med reisetid. Trond er ikkje einig og meiner permisjonstid er synonymt med heimetid.

Vi har likevel vore einige om at det hadde vore artig å ta ein tur på Herangtunet. Dette botiquehotellet i Heggenes, som vi har høyrt så mykje om. Så er liksom spørsmålet, er det greitt å svi av fleire tusenlappar på å reise 10 minutt for å sove?

Vel...utan at eg skal drøfte det inngåande, meiner i alle fall Trond at det er betre å køyre 10 minutt enn å ta fly i 10 timar. Dessutan er det meir klimavenleg vil han også hevde. Dessutan støttar vi opp om lokalmiljøet, vil han hevde. Det siste er eg einig i.

Bursdagsgåve til Trond i år vart difor ei overnatting i Romasuiten på Herangtunet. På Herangtunet har dei altså bygd suiter og rom med stil etter ulike plassar i verda. Vi kan reise til London, Island, New York og Frankrike. Eg valde meg Roma for oss to.

Vi sette oss i bilen, køyrte ti minutt, sjekka inn, og vips så var vi i Roma (bileta mine er skrekkeleg dårlege - det ser faktisk betre ut der enn bileta viser). På heimesida deira kan de sjå meir verkelegheitsnære bilete.

Det er noko befriande å slenge seg ned på ei seng reidd opp av andre, som du veit du slepp å reie sjølv etterpå (akkurat som vi reier på senga til vanleg...). Trond drakk øl på senga og eg drakk rosa limonade frå minibaren. 


Ein spigel i Roma er noko anna enn ein spigel i Heggenes. 


Det er fint å bu på Herangtunet. Det er roleg og du føler deg gøymt inne i skogen sjølv om du eigentleg bur rett ved ein veg med forholdsvis mykje trafikk på. 


Når vi går ut av rommet, ser vi dette historiske tunet. 


Dagar og kveldar som dette går alt for fort. Du rekk jo knapt eit boblebad før du må gå til middag. Middagen var tre retter til ikkje avskrekkande pris, og kvaliteten er betre enn det meste anna du får servert mot betaling i Øystre Slidre. Terningkast 5 frå Trond. 

Det var Trond sin kveld, og han fekk bestemme kva vi skulle gjere (eg ville vald badstove - berre så de er klar over at eg let Trond bestemme i blant og faktisk ganske ofte). Han valde pubkveld på Valdres gardsbryggeri. Dei arrangerer pubkveld siste laurdag kvar månad, og denne laurdagen var vi heldige. 

Kvelden er fullkomen. Øl til Trond, levande musikk og måleri av Sigmund Aarseth på veggen. Eg drakk cola og trudde eg skulle besvime av sukkersjokk. Men eg haldt ut til nesten klokka midnatt. Eg er nok eigentleg ein ganske hyggeleg kjæraste. 


Karakter 5 til Herangtunet frå oss. Trond har allereie prata om at etter at babyen kjem, så bør ei natt eller helg på Herangtunet vere vår fyrste romantiske tur åleine. Det tenkjer eg er ein god plan. Eg trur det sikkert blir lettare å reise 10 minutt enn å reise 10 timar utan det vesle vesenet som vi endå ikkje kjenner endå, men som er i ferd med å bli ein stadig større del av liva våre. 

Og ja. Eg er einig med Trond. Viss målet er romantikk, avslapping og luksus, er det faktisk betre å reise 10 minutt enn å reise langt. Det er fullt lovleg for bygdefolk å bruke hotell i bygda. Kom dykk på Herangtunet! Og kombiner det gjerne med publiv i Volbu! :)



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein