Gå til hovedinnhold

Semifinale 1 i Eurovision Song Contest - min dom

1. Finland

Sandhja - Sing it away
Lett likande poplåt, som du har gløymt omlag eitt sekund etter du har høyrt låta. Du får kjensla av at du har høyrt dette før, og at du eigentleg ikkje treng høyre det att.

Terningkast: 3


2. Hellas

Argo - Utopian land
Hellas brukar ofte å stille med låtar som eg likar. Anten det er lettkledde syngedamer eller testosteronsprengte ompa-ompa-fyrar. Dette her veit eg ikkje heilt kva er, men det startar bra. Litt folkemusikkpreg, men så blir det berre verre og verre. Dette er grusomt. Det er korkje fin syngedame (trur eg) enn ompa-ompa.

Terningkast: 1


3. Moldova

Lidia Isac - Falling stars
Tydeligvis ei syngedame som likar å vise kor flink ho er. Det høyrast i starten ut som syngejukking, eller kva du kallar det. Referenget er betre enn verset. Men dette blir ikkje meir enn midt på treet dette heller (som så mykje i denne semifinala).

Terningkast: 3


4. Ungarn

Freddie - Pioneer
Eg brukar ofte å like Ungarn. Men  eg likar dei best når dei sender noko folkemusikkprega musikk med sære instrument og kor. Dette er ein syngetype, som ikkje gjør så mykje meir ut av seg enn å synge. Sangen er, nok ein gong, midt på treet.

Terningkast: 3


5. Kroatia

Nina Kraljic - Lighthouse
Kroatia + ei dame som heiter Nina og noko eg ikkje klarar å uttale. Eg har store forhåpningar før eg høyrer låta. Og det startar fint. Det minnar meg om ein blanding av Bertine Zetlitz og noko anna eg har høyrt, men ikkje hugsar kva er. Eg likar dette. Ikkje supert, men betre enn gjennomsnittet. Beste song så langt!

Terningkast: 4


6. Nederland

Douwe Bob - slow down
Nederland er eit morosamt land. Dei har ofte sendt gode låtar, men dei når aldri opp. Det blir liksom for rart. Europa skjønner det ikkje. Det gjer dei nok ikkje i år heller. Men eg skjønner dykk, Nederland! Kom til meg. Dette er koseleg. Litt retro, men koseleg som berre det.

Terningkast: 4


7. Armenia

Iveta Mukuchyan - LoveWave
Åjåjåj. Her startar vi med viskesynging. Og så veit eg ikkje heilt kva det blir etter det. Kva prøver denne låta eigentleg å vere? Dette er rart. Og ikkje på ein god måte. Men det ser ut som ho er ei pen dame, så eg tippar dei går vidare.

Terningkast: 2


8. San Marino

Serhat - I didn't know
I går høyrte eg og kjærasten gjennom ESC-låtene (han er snill i blant). Då denne starta sa eg til han: "Det er jo nesten som Nick Cave dette. Men Nick Cave burde lært av han her og rocka opp låtene litt meir i refrenget". Kjærasten min er stor Nick Cave-fan, og eg sa dette berre for å vere morosam, og for å få han sint. Serhat prøver å vere Nick Cave kan det verke som, og det lukkast ikkje. Det er ikkje mørkt, dette. I alle fall ikkje på ein god måte. Det blir berre tåpeleg. Garantert ikkje vidare.

Terningkast: 2


9. Russland

Sergey Lazarev - You are the only one
Dette har eg likt frå fyrste gong eg høyrte låta. Eg visste ikkje  det var Grand Prix. Eg visste ikkje det var Russland. Det veit eg no. Og det er denne låta som kjem til å vinne i år. Det er supert. Det er Russland. Det er årets vinner, og det er betre enn sist dei vann. Heia Russland!

Terningkast: 6


10. Tsjekkia

Gabriela Guncikova  - I stand
Eg orkar ikkje å høyre fleire låter om "monsters inside my head". Det blir for dumt. Det er ikkje stygt, altså. Det blir berre tåpeleg.

Terningkast: 3


11. Kypros

Minus-one: Alter ego
Wannabe-rockere. Prøver å vere litt The Killers, og det fungerer forsåvidt. Denne låta er av dei betre i denne semifinalen.

Terningkast: 5


12. Østerrike

Zoe - Loin d'ici
Koseleg låt, som minner litt om Helene sine låter i "Helene-gutta", men der eg kanskje vil rangere Helene sine eit hakk høgare. Det er ikkje dårleg dette, men det er ikkje bra heller

Terningkast: 3


13. Estland

Juri Pootsmann - Play
Estland brukar alltid å ha fine lytteverdige låtar, som er slik midt på treet. Eg trur dei vann ein gong, men den låten er det ingen som hugsar. Ingen kjem til å hugse denne låta heller. BORING!!

Terningkast: 2


14. Aserbajdsjan

Samra - Miracle
Dette landet, som eg aldri klarar å skrive rett, sender stort sett alltid låtar det er lett å like til ESC. Dette er ein lett fordøyeleg poplåt, som forsvinn i mengden, men det kan enkelte gonger vere positivt i denne musikkonkurransa.

Terningkast: 3


15. Montenegro

Higway - The real thing
Det gjør så vondt, så vondt! Kva prøver dei å vere? Alice in Chains? (eller Alice in change, som eg kallar dei når kjærasten insisterer å høyre på det i bilen). Hadde eg ikkje vore gravid, hadde dette garantert vore røykepause. Du får lyst til å rive av deg eit eller anna eller innta noko sterkt. Eg tek ein urtesnus og går på do.

Terningkast: 1


16. Island

Greta Salome - Hear them calling
Vi liker alltid Island. Dei sender alltid noko med kvalitet og som kan vere fint å høyre på. Også i år. Men også dette er anonymt synge-dame-aktig, som ikkje stikk seg ut på nokon måte.

Terningkast: 3


17. Bosnia Hercegovina

Dalal & Dean - Ljubav je...
Eg er svak for felespelet i starten. Eg er også svak for synging på slavisk (hugsar du Boris Novkovic i 2015? Beste låta som aldri vann!). Dei øydelegg imidlertid fullstendig med noko slags håplaus rapping midt i låta. Dette ville blitt ein firar, viss det ikkje var for akkurat det.

Terningkast: 3


18. Malta

Ira Losco - Walk on water
Kjedeleg. Dette er også ein av desse midt-på-treet-poplåt-framført-av-syngedame. Eg blir ikkje imponert. Det er til og med mogleg eg må gå på do.

Terningkast: 3


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…