Gå til hovedinnhold

Semifinale 2 i Eurovision Song Contest - min dom

1. Latvia

Justs Sirmais - Heartbeat
Elektronika? Eller noko slikt...det gjev ikkje meg støt, akkurat. Det er kjedeleg. Eg sovner, trur eg.

Terningkast: 2


2. Polen

Michael Szpak - Color of your life
Eg likar slike svulstige ballader med litt tempo slik at dei ikkje blir heilt døde. Dette er betre enn på lenge, Polen. Jada; dette er så klisjefyllt at det nesten blir kvalmt ("Tell me, black or white?"). Og ja; eg er litt øydelagt!

Terningkast: 4


3. Sveits

Rykka - The last of our kind
Nok ein av desse poplåtene frå kvinnelege artister i årets konkurranse, som eigentleg ikkje gir så mykje meir enn tre minutt med sang. Denne er riktignok litt betre og litt meir lyttevenleg enn dei eg har høyrt før. Det er eit eller anna i låta som seier meg at dette er litt meir kvalitet

Terningkast: 4


4.Israel

Hovi Star - Made of stars
Bobyband-feeling! Og det likar eg. Dette er også svulstig, men eg er tydeligvis i det humøret og i den tilstand at eg likar det sentimentalt. Ja, la meg gråte! NO! "We are all made of stars" (nei, vi er vel eigentleg ikkje det, men eg kjøper det!).

Terningkast: 4


5. Hviterussland

IVAN - Help you fly
Starten er fantastisk - nydeleg musikk og "I will help you learn how to fly". Så er det taktskifte, og det likar ikkje eg. Ikkje i det heile tatt. Men dette er betre enn dei fleste låtene i semifinale 1, og eg trillar terning som eg har gjort så mange gonger før her.

Terningkast: 4


6. Serbia

ZAA Sanja Vucic - Goodbye (Shelter)
Me like! Det er noko med melodien. Det er noko med måten å synge på. Dette er fint å høyre på. Du blir ikkje i godt humør, men du får lyst til å drikke ein ekstra god klunk med vin.

Terningkast: 5



7. Irland


Nick Byrne - Sunlight
Irland bruker å stille med gode nok bidrag. Det er lenge sidan dei var i toppsjiktet, men dei sender alltid middels gode bidrag. Det gjer dei også i år. Pluss litt til. Denne låta har vekse på meg. Det er faktisk ganske bra. Eg får litt One Direction-kjensle. Og det er jo akkurat det ei jente på 34 år likar!

Terningkast: 5


8. Makedonia

Kaliopi - Dona
Det er vel ingen tvil om at denne semifinala er den definitivt beste av dei to. Radikalt betre! Dette er også ein song som festar seg til hjerna med sitt repeterande refreng, som minnar om italienske smørsongar.

Terningkast: 4



9. Litauen


Donny Montell  - I've been waiting for this night
Eg tok feil i stad. Det er denne låta her som minnar om One Diresction! Det er tydeligvis noko med meg og Boyband. Verset kjedeleg her, men refrenget er flott. Vi likar dette!

Terningkast: 5



10. Australia


Dami Im - Sound of silence
Er det Enya? Eller er det berre ein Disney-låt? Nei - det er Australia! Velkomen til Europa dykk frå Down Under. De skal få bli her hjå oss!

Terningkast: 4


11. Slovenia

MaunElla - Blue and Red
Taylor Swift hadde ei plate som heitte Red. Her legg vi til litt Blue, og vi får litt meir country enn Taylor. Dette er, etter mi meining, denne semifinala sin beste låt. JIPPI! Eg blir glad! Eg heng over stemmeknappen og sender inn 11. 11! 11!!

Terningkast: 6


12. Bulgaria

Poli Genova - If love was a crime
Svulstig tittel gjør jo at forventingane er forholdsvis låge før eg lyttar til låta. Og dette startar som noko eg vil tru ungdomsskuleelevar høyrer på - altså noko som er på topp 20-lista. Eventuelt litt Scooter-inspirert (referanse fungerer berre for oss mellom 25 og 40). Elles er dette ganske kjedeleg.

Terningkast: 3



13. Danmark


Lighthouse X - Soldiers of Love
Danske Grand Prix-låter slår til slik omlag kvart 15.år. Det blir nok ikkje eit unntak i år.Men kva i alle dagar er det med meg? Eg høyrer One Direction i alle låter i år. Er eg øydelagt eller er ESC øydelagt? Dette er det næraste vi kjem One Direction så langt i årets konkurranse. Og det er jo ikkje nødvendigvis ei ulempe for ei dame på 34 år.

Terningkast: 4



14. Ukraina

Jamala - 1944
Dette må vere årets mest oppskrytte låt. Altså; eg har sympati for Ukraina og alt det der, men sorry; Russland er best i Grand Prix, altså. Dette er grusomt. Og grusomt kjedeleg. Eg skjønner ikkje kor anmeldarar og ekspertar finn kvaliteten her.

Terningkast: 1

15. Norge

Agnete - Icrebreaker
Sorry, Agnete. Du er søt og alt det der. Men låta er ikkje bra nok. Eg håper sjølvsagt alltid Noreg gjer det bra, og vi går nok til finala. Eg også kjem til å sitje med gåsehud når du opptrer, og eg heiar sjølvsagt på deg, Agnete. Men det er berre midt på treet, og refrenget blir for kjedeleg.

Terningkast: 3

16. Georgia

Nika Kocharov & Young Georgian Lolitaz
What? Kven er det som syng dette, sa de? Eg må riste av meg skepsisen og skride til låta med null fordommar. Georgia er eit rart land i MGP. Det er dei i år også. Dette er ikkje fint.Dette er grusomt!

Terningkast: 1

17. Albania

Eneda Tarifa - Fairytale
Nei, det er ikkje Rybaks Fairytale. Så langt derifrå. Det er ikkje eit vakkert eventyr. Det er ikkje ein gong eit eventyr. Gjesp.

Terningkast: 2

18. Belgia

Laura Tesoro - What's the pressure
Feelgood-music. Du får lyst til å danse. Minnar litt om UK sitt bidrag i fjor. Får ein kjensle av 80-tal kombinert med litt Sophie Ellis-Bextor.

Terningkast: 4




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…