Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2016

Min gode ven Dr. Google

"Du må ikkje finne på å google" seier leger og jordmødre. Då kan du få alle moglege svar; alt i frå at du er i ferd med å døy til at babyen din kjem til å bli eit geni.

Eg høyrer ikkje på dei. Eg googlar likevel. Alternativet hadde vore å ringe jordmor dagleg for å høyre om alt eg opplever er normalt. Løysinga blir då heller diskusjonsforum på babyverden.no, mamma.no og klikk.no. I tillegg til alle moglege nettsider som har alle moglege artiklar om det meste, basert på selektiv forsking.

I dag har googla "gravid støt nerderst i magen" og "gravid støt underlivet". Eg treng ikkje å vite kva det er for noko, men eg treng å vite at det er normalt. Og ja, viss du lurer; det er flust av gravide som har opplevd dette.

Er du redd, blir du råda til å ringe lege. Ofte tykkjer eg det er betre å ringe ein ven, eller å ta kontakt med min ven Dr. Google. Då slepp eg i tillegg å vere hysterisk gravidmonster som ringer Valdres lokalmedisinske senter kvar veke og blir ber…

Hjernen er tom, og magen er full

Slik føler eg meg i alle fall. Eg er i ferd med å bli sløvare og sløvare. Hjernen jobbar saktare og saktare. Eg sitt i møte og føler det er null aktivitet der oppe, mens han som bur i magen finn ut at han skal sørgje for mest mogleg aktivitet der nede. Og då sparkar vi litt oppover her, klyp litt nedover her og pressar hovudet mot urinblæra der. Slik blir det liv av, og slik sørgjer vi for at eg ikkje berre har eit tomt blikk, men at også ansiktet mitt vrir seg i smerte mens eg liksom skal prøve å vere smart.

Slik går dei siste dagene på jobb. No har eg att ni arbeidsdagar før permisjon. Ein av dagene blir brukt til legebesøk heime, ein dag til heimekontor og to dagar er eg bortreist på andre aktivitetar. Det vil si at eg har att fem kontordagar. Noko som inneber at det er på tide med rydding.

Dagens lunsj blir inntatt på kontoret, mens eg følgjer debatt i Stortinget. Flytteeskene står der framme og når eg held på å sovne engasjerer eg meg sjølv med å putte ting nedi dei. Sko eg aldri …

Ei masekråke proppa full med hormon og vannmelon

Det er to veker til eg skal ut i permisjon. Eg gler meg enormt. Eg overlever så vidt dagane i Oslo - og det er utelukkande på grunn av vannmelon og telefonsamtalene med kjærasten min kvar kveld.

Det fyrste eg gjer når eg kjem heim frå jobb, er å ete omlag ein halv vannmelon. Heile arbeidsdagen lengtar eg etter vannmelon.

Det eg lengtar endå meir etter, er kjærasten min. Når folk spør meg om korleis det går og om formen er fin, svarer eg: "Det går bra fysisk. Psykisk er det verre".

Å vere åleine i Oslo høggravid, er ikkje ein anbefalt kombinasjon. Eg saknar kjærasten min kvart einaste minutt. Når babyen i magen har turnshow i magen min på kvelden, har eg ingen eg kan fortelje det til - som eg kan klage litt til fordi det er ubehageleg, men mest som eg kan skratte med og fantasere om kva babyen eigentleg driv med.

Eg er åleine, og eg søv dårleg. Eg føler meg einsam - for fyrste gong i livet mitt.

Eg er likevel heldig. Eg bur i Noreg. Eg får oppfølging av jordmor og lege kvar e…