Gå til hovedinnhold

Hjernen er tom, og magen er full

Slik føler eg meg i alle fall. Eg er i ferd med å bli sløvare og sløvare. Hjernen jobbar saktare og saktare. Eg sitt i møte og føler det er null aktivitet der oppe, mens han som bur i magen finn ut at han skal sørgje for mest mogleg aktivitet der nede. Og då sparkar vi litt oppover her, klyp litt nedover her og pressar hovudet mot urinblæra der. Slik blir det liv av, og slik sørgjer vi for at eg ikkje berre har eit tomt blikk, men at også ansiktet mitt vrir seg i smerte mens eg liksom skal prøve å vere smart.

Slik går dei siste dagene på jobb. No har eg att ni arbeidsdagar før permisjon. Ein av dagene blir brukt til legebesøk heime, ein dag til heimekontor og to dagar er eg bortreist på andre aktivitetar. Det vil si at eg har att fem kontordagar. Noko som inneber at det er på tide med rydding.

Dagens lunsj blir inntatt på kontoret, mens eg følgjer debatt i Stortinget. Flytteeskene står der framme og når eg held på å sovne engasjerer eg meg sjølv med å putte ting nedi dei. Sko eg aldri kjem til å bruke att og dressjakker som aldri kjem til å passe att. Ikkje rart eg treng trøst av Ben og Jerry. 


Når eg ikkje er på jobb blir tida brukt til å sjekke babyverden.no, to ulike gravideapper, babyen sin utvikling, lese om fødsel og elles bruke tid på mental avspenning. Min nye ven er ein gravidapp som gir meg nokre ord om kva eg bør tenkje på og hugse kvar einaste dag. Viss rådet for dagen er at eg bør slappe av og bli massert av kjærasten min, les eg det høgt for Trond. Kvar einaste gong himlar han med augo og seier "den app'en der er i alle fall ikkje skapt i likestillingen sitt namn". Når eg seier til Trond at app'en seier eg må ta det med ro, seier han: "Gravidunnskuldninger".

App'en har i alle fall sagt at eg skal bli behandla som ei prinsesse på jobb. At eg skal gi frå meg arbeidsoppgåver og trappe ned. Og tru meg; eg er i gang! Eg har arvtakar på plass, og har snart lukkast i det som har vore oppgåva mi på jobb dei siste vekene: "gjere meg sjølv overflødig". Mentalt har det vore krevjande, sidan eg liker å tru at eg er uerstatteleg, og sidan eg likar å ha kontroll. No har eg ikkje kontroll, og eg innser at regjeringa kjem til å klare seg heilt fint utan meg. Utruleg, men sant. 

Det er endå godt at naturen har gjort det slik at eg er i ferd med å bli sløvare og sløvare, og eg har difor eit svært avslappa forhold til at eg snart er gløymt jobbmessig. Eg bryr meg mindre og mindre om jobb, og meir og meir om baby. Eg er blitt eit monster av eit menneske som eg fryktar er svært kjedeleg selskap. Og eg er redd eg blir verre og verre. Mitt einaste håp for at Trond framleis skal ville vere i lag med meg, er at han forelsker seg så kraftig i babyen at han skjønner han er avhengig av meg. Dette klengete einspora mennesket som ikkje evnar å tenkje på ting som skjer utanfor huset vårt i Heggenes. 

Slik ser eg ut når Trond seier adjø til meg måndagsmorgon. Svært deprimert og noko sytete. Og ein hjerne som ikkje fungerer til anna enn å vaske babyklede og lese gravidbøker. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein