Gå til hovedinnhold

Min gode ven Dr. Google

"Du må ikkje finne på å google" seier leger og jordmødre. Då kan du få alle moglege svar; alt i frå at du er i ferd med å døy til at babyen din kjem til å bli eit geni.

Eg høyrer ikkje på dei. Eg googlar likevel. Alternativet hadde vore å ringe jordmor dagleg for å høyre om alt eg opplever er normalt. Løysinga blir då heller diskusjonsforum på babyverden.no, mamma.no og klikk.no. I tillegg til alle moglege nettsider som har alle moglege artiklar om det meste, basert på selektiv forsking.

I dag har googla "gravid støt nerderst i magen" og "gravid støt underlivet". Eg treng ikkje å vite kva det er for noko, men eg treng å vite at det er normalt. Og ja, viss du lurer; det er flust av gravide som har opplevd dette.

Er du redd, blir du råda til å ringe lege. Ofte tykkjer eg det er betre å ringe ein ven, eller å ta kontakt med min ven Dr. Google. Då slepp eg i tillegg å vere hysterisk gravidmonster som ringer Valdres lokalmedisinske senter kvar veke og blir berykta blant legestanden heime.

For er det noko vi frå bygda er redde for, er det jo å vere til bry. Eg er i tillegg redd for å vere hysterisk. Herregud, tenkjer eg i blant; du skal gjennom verdas mest naturlege ting, Hanne. Også sett du heile verda i sving fordi du er redd. Herregud; du er jo berre gravid! Men for meg er dette veldig nytt, og eg kjem verkeleg aldri til å bli heilt trygg på at alt er normalt.

Difor er det veldig fint at eg har Dr. Google. Eg kan der berre skrive inn: "trøtt gravid", "Gravid halsbrann", "gravid krampe i leggen", "gravid selvbruningskrem" og "gravid hold/sting i magen". Dr. Google kan gi meg mange gode råd, som gjerne sprikar i alle retningar, slik at eg kan velge det rådet som passar meg best.

Så får eg heller ringe jordmor når eg ein eller annan gong i løpet av den neste månaden ligg på golvet og vrir meg i smerte.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…