Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2016

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Iskrem i alle former - livet i permisjon, del 6

Det fine med å vere gravid, er at ein kan ete litt ekstra. I alle fall no mot slutten har eg ingen skruplar med å ete både kjeks, potetgull, og ikkje minst iskrem. No tenkjer eg berre; herregud, kor mykje kan eg legge på meg dei siste dagane? Og ikkje minst; "Når ungen er ute blir det berre gulrøtter og trilleturar. Eg skal ned i vekt, og det fort". Så eg føler at siste sjanse til å unne seg litt ekstra kaloriar, er i desse siste dagane. Dessutan kjeder eg meg. Og når ein kjeder seg, er det lov å kose seg.

Eg har ete ekstremt mykje is dei siste månadene. Favoritten er softis. Eg kunne ete softis heile tida. Eg sa på tull til Trond at eg skulle kjøpe meg softismaskin, og eg har aldri fått styggare blikk. Trond held på å få noia kvar gong vi er på Fagernes - kvar gong et eg softis. Han er nemlig (han har ikkje sagt det høgt, men eg ser det på han at han tenkjer det) forundra over kor tjukk det er mogleg at eg kan bli, og er ein smule bekymra over om eg snart kjem til å sprekke…

Drømmen om vin - livet i permisjon, del 5

Eg elskar vin. Vin er for meg toppen av lykke. Før eg vart gravid skjønte eg ikkje korleis i alle dagar folk frivillig orka å bli gravide når det betydde at dei ikkje kunne drikke vin. Eg tenkte; aldri! Livet utan vin blir meiningslaust.

Livet utan vin har gått (til dels) overraskande lett. Det vil si; nokon dans på roser har det ikkje vore. Eg likar absolutt ikkje å vere gravid. Eg er ikkje av desse menneska som meiner at graviditet får meg til å føle meg som ei ekte kvinne. Snarare tvert i mot.

Dei fire-fem fyrste månadene var eg derimot så kvalm at eg ikkje orka tanken på vin. Eller så trøtt at eg hadde meir lyst til å sove enn å drikke vin. I helgene la eg meg klokka 21 og sov i tolv timar. Vin tenkte eg svært lite på.

Så kom våren. Tid for utepils. Tid for utevin.

Det var eit mareritt å gå gjennom Oslo sine gater dei fyrste solskinsdagene. Der satt lykkelege folk med vinflasker i bøtte. Og dei var så lykkelege. Det var ikkje eg!

Eg gjorde meg kjent med Polet sine alkoholfrie vine…

Drømmen om Syden - livet i permisjon, del 4

Eg elskar ferie. Eg elskar å reise. Eg elskar charterturar. Eg elskar å ligge ved eit basseng eller på ei strand mens eg les bok og høyrer på musikk. Eg elskar varmen utover kvelden. Eg elskar å ete middag på restauranter. Eg elskar å nyte eit glas vin til solnedgangen. I eit anna land.

Eg elskar rett og slett Syden.

Eg elskar også draumen om Syden. Bestilling av turen er halve moroa. Lengselen etter å reise. Sjå på bileta av hotellet vi skal bu på og staden vi skal til. Glede seg til å reise. Å ha noko eg kan sjå fram til.

Her er eg lykkeleg. I Syden. I fjor. Det blir med drømmen i år. 
I år blir det ingen ferie. Og det gjer meg enormt deprimert. Eg har ingenting å sjå fram til, brukar eg å seie. Trond brukar å bli sint på meg når eg seier det. Og han meiner at, i tillegg til at vi har "alt" å sjå fram til, bør vi heller bruke pengane til alt som må fiksast i huset. Dessutan er det mykje finare i Valdres enn alle andre plassar, seier han.

Mest vanleg googlesøk for meg dei si…

Ein heilt vanleg dag - livet i permisjon, del 3

Kva gjer du eigentleg på jobb? Det var eit svært vanleg spørsmål eg fekk i det som til vanleg er jobben min.

Det er ikkje så mange som spør kva eg eigentleg gjer når eg no er i permisjon, så eg tenkte eg skulle opplyse dykk om det. Det er faktisk ganske krevjande dagar.

Ein heilt vanleg dag i Hanne sitt liv:  0548: Vakner og må på do. Prøver å drøye litt og tenkjer at det går over.  0554: Det går ikkje over. Eg går på do. 0556: Fikle med mobiltelefonen. Sjekke oppdateringar på facebook. Prøve å sove att.  0607: Sovner att. 0730: Vaknar av at Trond står opp. Eg snur meg mot han og seier; "ikkje stå opp. Eg vil kose". Trond vil ikkje det. Eg seier: "Du må kysse meg før du går". Trond sukkar tungt og kyssar meg motviljug før han står opp. 0734: Eg høyrer kaffimaskina på kjøkkenet før eg sovner att.  (det har hendt i permisjon at vi har hatt snikkarar på besøk. Då må eg stå opp klokka åtte pga bråk) 9-tida: Eg står opp.
9-11ish: Slå på kaffitrakter. Finne meg kaffi og …

I kveld heiar eg på Ronaldo - og Portugal

Det er eitt eller anna med den norske mentaliteten som gjer meg uvel. Kollektiv hetsing av andre menneske er eit slikt fenomen. Kollektiv hetsing av folk vi meinar fortener det. Som er gode i det dei driv med, men som ikkje er så audmjuke som vi i Noreg sett pris på.

I Noreg skal du nemlig ikkje vise at du sjølv meiner du er flink. Du skal oppføre deg såkalla "audmjukt". Du skal vere sjenert. Du skal helst ikkje vere rik. Då kan du få lov til å vere god. Men gud forby - ikkje sei sjølv at du er god!

Christianio Ronaldo. Ein av verdas beste fotballspelarar. Til tider genial. Til tider ganske dårleg. Til tider nesten usynleg. Og svært ofte veldig annleis enn det mange nordmenn sett pris på.

Portugal har vore ganske dårlege i EM. Dei har spelt dårleg fotball. Kjedeleg fotball. Ronaldo har vore nesten usynleg. Eg har fleire gonger tenkt; "er det ikkje på tide Portugal sett inn på denne Ronaldo eg høyrer så mykje om?".

Denne Ronaldo er ein fyr det er lett å mislike. Han…

10 ting eg elskar med bygda (og som er betre enn byen)

1. Stillheiten Det er stille når eg legg meg. Det er stille når eg står opp. I løpet av dagen er det einaste eg høyrer rauting frå storfe og fuglekvitter. Enkelte gonger (og spesielt på sundagar) høyrer vi også grasklyppardur. Lyden av traktor er som musikk. Det gjer ingenting. Eg elskar det!

Dei siste vekene i Oslo held eg på å klikke. I tillegg til at leiligheten var glovarm, var det bråk gjennom heile natta. Fulle folk som song. Damer som stod å gaula ute i bakgården. Hissige menn som skreik til kvarandre. Og brannalarm. Alltid ein eller annan pokkers brannalarm. Eller bilalarm. Eg saknar det ikkje eit sekund!

2. Frisørrekninga I går var eg hjå frisøren. Dei siste åra har eg alltid gått til frisør i Oslo. No var det på tide å gå til frisør i Heggenes. Eg farga håret og klypte det. 900 kroner kosta det. 900 kroner!! Eg hugsar ikkje kva eg har betalt for det same i Oslo, men vi pratar over det dobbelte.

Eg held på å dette av stolen. Eg hadde ein mistanke om at det var billigare enn …

Slapp av i kjeven - livet i permisjon, del 2

I tillegg til å bruke tid på avslapping, rydding, vasking og baking, brukar eg tida i permisjon på mentale førebuingar til fødsel og teoretisk opplæring på det som skal skje etterpå.

Og det er rart. Dess meir det no nærmar seg termin, dess mindre klar for fødsel og baby kjenner eg meg. No tenkjer eg kvar einaste kveld eg legg meg; eg er ikkje klar! Det kan ikkje skje i natt!!

For ein månad sidan var eg nemlig heilt klar på at eg håpa at babyen skulle komme før termin. Og eg grua meg ikkje til fødsel i det heile tatt. Eg gleda meg til at det skulle kome i gang og at det skulle bli over.

Kvar einaste kveld høyrer eg på eit slags mentalt arbeidsverktøy på ti minutt, som skal førebu meg på fødsel. Eg konsenterer meg dagen lang om å slappe av i kjeven (eg har ein svært anspent kjeve). Det gjer eg også rett før eg sovner.

Kvar morgon når eg vaknar, er kjeven min heilt stiv. Eg har då brukt heile natta på å spenne i kjeven. Det motsette av det eg skal gjere når kroppen min skal føde.

Eg prøv…

Tusen takk, kjære Noreg!

Eg vil få takke dykk alle. De som har kjempa for at kvinner har rett på legehjelp og jordmorhjelp under graviditet. De som har kjempa for at vi kvinner har rett på permisjon under fødsel og spedbarnstid - med kompensasjon for tap av inntekt. De som har kjempa for at barnet mitt kjem til å få barnehageplass når eg ein gong skal tilbake i arbeid. Tusen takk!

Eg veit ikkje om eg ville kjempa for alle desse rettane sjølv, men herregud som eg sett pris på dei når eg har dei. Eg er berre så utruleg takksam for at eg ikkje treng bekymre meg for noko som helst anna enn min eigen livvstil og førebuingar til fødsel. Alt det andre treng eg ikkje tenkje på.

Eg er hjå lege og jordmor kvar månad. Eg betaler aldri noko. Eg har vore til to ultralyder. Eg betalte ingenting. Eg måtte inn på legevakta etter at eg holdt på å besvime på bussen. Eg betalte ingenting. Viss eg treng ein ekstra samtale med jordmor før fødsel, får eg det. Antageligvis utan å betale for det.

Treng eg noko meir enn dette, kan eg…

Mitt liv som heimeverande husmor - livet i permisjon, del 1

No har eg vore litt over ei veke i permisjon (framleis utan baby) og eg elskar det! Det er nesten som å ha ferie, bortsett frå at eg ikkje kan drikke vin. Og at eg ikkje kan reise med fly til ein plass der det er sol.

Elles så gjer eg det eg kan best i verda; slappe av. Eg søv. Eg les bøker. Eg går turar (viss eg gidd). Eg gjer også ein del ting som er heilt ok å gjere i sitt eige hus, men som ikkje er supermoro. Eg bakar. Eg lager mat. Eg vatnar blomar og grønsaksplanter. Eg vaskar og ryddar. Også ser eg i blant på tv.

Og om kveldane, viss det er godt vêr ute, tek eg meg ein ingefærøl og ein urtesnus.


No startar (heldigvis) ikkje dagen med å lese Nationen lenger. Det fyrste eg les no, er babyverden.no. Men Nationen ligg i postkassa kvar dag. For å halde meg oppdatert om alt det positive regjeringa gjer for bygde-Noreg. 

Eg vaskar klede kvar einaste dag. Eg øver meg til livet med baby.


Eg er blitt eitt av desse skrekkelege menneska som skal planlegge trivielle ting i minste detalj, og så…