Gå til hovedinnhold

Drømmen om Syden - livet i permisjon, del 4

Eg elskar ferie. Eg elskar å reise. Eg elskar charterturar. Eg elskar å ligge ved eit basseng eller på ei strand mens eg les bok og høyrer på musikk. Eg elskar varmen utover kvelden. Eg elskar å ete middag på restauranter. Eg elskar å nyte eit glas vin til solnedgangen. I eit anna land.

Eg elskar rett og slett Syden.

Eg elskar også draumen om Syden. Bestilling av turen er halve moroa. Lengselen etter å reise. Sjå på bileta av hotellet vi skal bu på og staden vi skal til. Glede seg til å reise. Å ha noko eg kan sjå fram til.

Her er eg lykkeleg. I Syden. I fjor. Det blir med drømmen i år. 

I år blir det ingen ferie. Og det gjer meg enormt deprimert. Eg har ingenting å sjå fram til, brukar eg å seie. Trond brukar å bli sint på meg når eg seier det. Og han meiner at, i tillegg til at vi har "alt" å sjå fram til, bør vi heller bruke pengane til alt som må fiksast i huset. Dessutan er det mykje finare i Valdres enn alle andre plassar, seier han.

Mest vanleg googlesøk for meg dei siste dagane har vore "Syden med baby" i alle moglege variantar. Kor gamal bør babyen vere før eg tek han med på ferie? Her finst det ikkje noko fasitsvar (sjølvsagt). Eg har likevel funne ut at tre månader er passe tid. Uti oktober-november-desember kan det forsvarast å ta med ein baby på tur har eg resonnert meg fram til, og eg tilpasser søk etter turar til det.

Eg ser på hotell. På plassar eg kan reise til. Eg har akseptert at eg aldri får med meg Trond til Thailand eller Mexico, men kanskje eg kan overtale han til å bli med til Gran Canaria? Det er tross alt ikkje så langt, sjølv om han nok meiner han er for kul for "Granka".

Eg drømmer om suite med direkte utgang til basseng. All inclusive hotell. Fem stjerners hotell. Spa. Treningsrom. Paraplydrinkar. Varme. Gåturar med vogn. Babysvømming. Eg og babyen i vatn. Vi smiler og er lykkelege. Eg elskar dette livet, og det gjer sjølvsagt babyen (som altså endå ikkje er født, om de lurte) også.

Eg ser på alternativ. Ser at det allereie begynner å bli utseld slike drømmerom med direkte utgang til basseng. Sier til Trond; "Vi må bestille no! Det hastar". Han ser dumt på meg. Lurer på om det har rabla for meg.

Og ja; eg veit vi må vente. Til babyen har kome. Til vi veit korleis livet blir. At om maks to veker er det ikkje lenger mine eigne ønskjer og drømmer som skal bli prioritert. Sukk!

Eg veit også at babyen ikkje kjem til å glede seg til Sydentur, slik som eg vil gjere. At han ikkje kunne brydd seg mindre om han er i Syden eller her heime. Antageligvis er det aller beste for han å vere heime. Ferietur det fyrste året er mest for min del - ikkje for han sin del.

Men inntil vidare lev eg med drømmen. Drømmen om den smilande babyen og meg i eit basseng. Eg er lykkeleg og då er babyen lykkeleg.

Trond ligg og halvsøv med ein øl, og tenkjer plutseleg at dette livet ikkje er så aller verst, og at vi kan tilbringe permisjonstida i varme strøk i staden for i vintertunge Heggenes.

I drømmen min er vi nemlig verdas lykkeligaste vesle familie, som slappar av i eit basseng og høyrer palmesusen i det fjerne.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…