Gå til hovedinnhold

Drømmen om vin - livet i permisjon, del 5

Eg elskar vin. Vin er for meg toppen av lykke. Før eg vart gravid skjønte eg ikkje korleis i alle dagar folk frivillig orka å bli gravide når det betydde at dei ikkje kunne drikke vin. Eg tenkte; aldri! Livet utan vin blir meiningslaust.

Livet utan vin har gått (til dels) overraskande lett. Det vil si; nokon dans på roser har det ikkje vore. Eg likar absolutt ikkje å vere gravid. Eg er ikkje av desse menneska som meiner at graviditet får meg til å føle meg som ei ekte kvinne. Snarare tvert i mot.

Dei fire-fem fyrste månadene var eg derimot så kvalm at eg ikkje orka tanken på vin. Eller så trøtt at eg hadde meir lyst til å sove enn å drikke vin. I helgene la eg meg klokka 21 og sov i tolv timar. Vin tenkte eg svært lite på.

Så kom våren. Tid for utepils. Tid for utevin.

Det var eit mareritt å gå gjennom Oslo sine gater dei fyrste solskinsdagene. Der satt lykkelege folk med vinflasker i bøtte. Og dei var så lykkelege. Det var ikkje eg!

Eg gjorde meg kjent med Polet sine alkoholfrie viner. Heilt ok. Eg vart hekta på ingefærøl. Det er faktisk ikkje så verst, og kanskje, kanskje, kan eg på finne å drikke det sjølv om eg kan drikke vin att.

Men herregud som eg no gler meg til det fyrste vinglaset. Eg vurderer å ta med ei flaske champagne i fødebagen, men har konkludert med at: 1. Eg bør unngå bekymringsmelding til barnevernet allereie på sjukehuset 2. Eg har truleg ikkje spesielt lyst på vin akkurat der 3. Eg ønskjer at det fyrste vinglaset skal vere i sol og hyggelege omgjevnader.

Eg har ikkje drukke vin i det nye huset vårt. Noko som gjer meg svært trist.

Då vi kjøpte huset, gleda eg meg så enormt mykje til at Trond og eg skulle lage oss lange måltid med mykje vin. Så lykkelege vi skulle bli!

Rett før overtaking av hus fann eg ut at eg var gravid. Drømmen om vin og lange måltider gjekk i grus.

No har eg nok ein gong begynt å drømme om vin og lange måltid i huset vårt. Drømmen som har verka så langt borte, er no i ferd med å framstå realistisk att.

Meg på verandaen i lag med ein kompis. Alkolfri raudvin. Lukter ikkje så verst. Smaker druesaft. Eg gler meg til eg kan si; adjø Rawson, hallo Cava!

Eg. Eit glas cava. Eigen hage. Behageleg stol. Sol. Fuglekvitter. Ein morell. Og sjølvsagt; ein baby som søv fredeleg gjennom heile glaset med vin.

Så skjønt livet skal bli. No er det ikkje lenge att.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein