Gå til hovedinnhold

Ein heilt vanleg dag - livet i permisjon, del 3

Kva gjer du eigentleg på jobb? Det var eit svært vanleg spørsmål eg fekk i det som til vanleg er jobben min.

Det er ikkje så mange som spør kva eg eigentleg gjer når eg no er i permisjon, så eg tenkte eg skulle opplyse dykk om det. Det er faktisk ganske krevjande dagar.

Ein heilt vanleg dag i Hanne sitt liv: 

0548: Vakner og må på do. Prøver å drøye litt og tenkjer at det går over. 
0554: Det går ikkje over. Eg går på do.
0556: Fikle med mobiltelefonen. Sjekke oppdateringar på facebook. Prøve å sove att. 
0607: Sovner att.
0730: Vaknar av at Trond står opp. Eg snur meg mot han og seier; "ikkje stå opp. Eg vil kose". Trond vil ikkje det. Eg seier: "Du må kysse meg før du går". Trond sukkar tungt og kyssar meg motviljug før han står opp.
0734: Eg høyrer kaffimaskina på kjøkkenet før eg sovner att. 
(det har hendt i permisjon at vi har hatt snikkarar på besøk. Då må eg stå opp klokka åtte pga bråk)
9-tida: Eg står opp.
9-11ish: Slå på kaffitrakter. Finne meg kaffi og ein sjokoladekjeks. Sjekke babyverden.no, sjekke kva bv-app'en seier eg bør tenkje på i dag, sjekke facebook, sjekke mail, blogge litt. Høyre på radio. Sjekke sydenturar og drømme om varme, som eg veit ikkje kjem til å skje på lang tid enno.
11-13: Ligge på solsenga ute og lese bok og høyre på musikk. Innimellom går eg inn for å hente vannmelon, kjeks eller brødskive. (Viss dårleg vær er eg heller inne i denne tidsperioda, og til dømes studerer).
13-1430: Gå tur mens eg høyrer på musikk og tenkjer på livet (her hendar det at eg heller vasker klede, vaskar hus, bakar noko eller fiksar nokre babyting. Då blir det svært ofte ikkje tur).
1430: Dusje og smørje meg inn med biooil (som har tent ein formue på min graviditet)
15-16 (kanskje til og med heilt til 18): Kvile. Avspenning. Her hendar det eg sovner og då søv eg ofte til Trond kjem på rommet og vekker meg. Viss ikkje, les eg bok eller studerar.
18-19: Lage middag.
19-20: Ete middag i lag med Trond.
20-22/23: Sjå på noko på tv. Veldig ofte har dette vore fotballkamp. Gjerne mens eg et vannmelon, is og drikk cola zero.
22/23: Legge meg. Sovner svært fort (viss eg ikkj sov tre timar midt på dagen, som det er blitt meir og meir av).

I løpet av ein dag går det med omlag ein halv vannmelon, to is, nokre brødskiver, nokre toffee cups-kjeks, ein boks cola zero, 1,5 liter vatn, 10 ml biooil og eg les omlag 50 sider i Elena Ferrante-boka mi. Og kanskje, kanskje, går det med litt grønnsåpe eller kveitemjøl. Men det blir mindre og mindre av dette også for kvar dag som går. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…