Gå til hovedinnhold

I kveld heiar eg på Ronaldo - og Portugal

Det er eitt eller anna med den norske mentaliteten som gjer meg uvel. Kollektiv hetsing av andre menneske er eit slikt fenomen. Kollektiv hetsing av folk vi meinar fortener det. Som er gode i det dei driv med, men som ikkje er så audmjuke som vi i Noreg sett pris på.

I Noreg skal du nemlig ikkje vise at du sjølv meiner du er flink. Du skal oppføre deg såkalla "audmjukt". Du skal vere sjenert. Du skal helst ikkje vere rik. Då kan du få lov til å vere god. Men gud forby - ikkje sei sjølv at du er god!

Christianio Ronaldo. Ein av verdas beste fotballspelarar. Til tider genial. Til tider ganske dårleg. Til tider nesten usynleg. Og svært ofte veldig annleis enn det mange nordmenn sett pris på.

Portugal har vore ganske dårlege i EM. Dei har spelt dårleg fotball. Kjedeleg fotball. Ronaldo har vore nesten usynleg. Eg har fleire gonger tenkt; "er det ikkje på tide Portugal sett inn på denne Ronaldo eg høyrer så mykje om?".

Denne Ronaldo er ein fyr det er lett å mislike. Han blir sur om han gjer det dårleg. Han er sjølvsentrert til tusen. Han framstår arrogant. Han framstår bortskjemt. Han verkar enkelte gonger til å vere det eg då eg var liten definerte som ei god gamaldags "klyse".

Men herregud, kjære alle dykk som spyr ut eder og galle på facebook og andre sosiale medium; han er ein fotballspelar. Kvifor i alle dagar gidd de bli så provosert at de skriv så stygge ting om han? Kvifor i alle dagar gidd de engasjere dykk så mykje slik at de driv med kollektiv mobbing? Skal vi lære opp våre ungar til å tenkje at det er greitt "å ta folk" viss dei berre er usympatiske nok?

Eg blir uvel. Ikkje av Ronaldo, men av alle dykk som hetsar han og som tydeligvis meiner det er greitt. Fordi han fortener det.

Eg er ingen fotballekspert. Men eg har no sett på dei aller fleste kampane Portugal har spelt i EM. Og Ronaldo får nesten aldri dømt frispark i sin favør. Han skulle (truleg) hatt to straffespark som dommarane har oversett. Det verkar for meg som at terskelen for at dommarane skal dømme i favør Ronaldo er mykje høgare enn for andre (meir audmjuke) spelarar.

Ronaldo har ikkje spelt spesielt bra heller. Men så imponerer han med enkelte ting. Det er ikkje vanskeleg å sjå at han er ein god spelar.

I starten av meisterskapen spurte kjærasten min kva for lag vi skulle sette pengar på at vann EM. Eg sa Portugal og han har sett pengar på dei for meg.

Eg har ikkje heia på Portugal så langt i meisterskapen. Mest fordi eg tykkjer dei ikkje er gode nok til å vere i finala. MEN; eitt lag som er i finala, er per definisjon gode nok til å vere der.

I dag startar eg å heie på Portugal. Heilhjarta skal eg halde med dei i finala. Ikkje fordi Trond vinn pengar viss dei vinn. Men fordi eg tykkjer Christianio Ronaldo fortener å vinne gull i eitt EM. Som ein av verdas beste spelarar. Og litt for å peike nase til alle de her heime i den store fotballnasjonen Noreg, som eg veit vil få det så vondt, så vondt inni dykk. Av misunning.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…