Gå til hovedinnhold

Mitt liv som heimeverande husmor - livet i permisjon, del 1

No har eg vore litt over ei veke i permisjon (framleis utan baby) og eg elskar det! Det er nesten som å ha ferie, bortsett frå at eg ikkje kan drikke vin. Og at eg ikkje kan reise med fly til ein plass der det er sol.

Elles så gjer eg det eg kan best i verda; slappe av. Eg søv. Eg les bøker. Eg går turar (viss eg gidd). Eg gjer også ein del ting som er heilt ok å gjere i sitt eige hus, men som ikkje er supermoro. Eg bakar. Eg lager mat. Eg vatnar blomar og grønsaksplanter. Eg vaskar og ryddar. Også ser eg i blant på tv.

Og om kveldane, viss det er godt vêr ute, tek eg meg ein ingefærøl og ein urtesnus.


No startar (heldigvis) ikkje dagen med å lese Nationen lenger. Det fyrste eg les no, er babyverden.no. Men Nationen ligg i postkassa kvar dag. For å halde meg oppdatert om alt det positive regjeringa gjer for bygde-Noreg. 


Eg vaskar klede kvar einaste dag. Eg øver meg til livet med baby.



Eg er blitt eitt av desse skrekkelege menneska som skal planlegge trivielle ting i minste detalj, og så dele det med resten av husholdningen. Denne veka har eg planlagt middag to dagar. Verre kjem det til å bli! 



På ein god dag kjem eg meg ut på tur. Då trivst eg så godt at eg som regel ender med å gå heilt bort hit. Når eg kjem heim att er eg så sliten at eg ikkje orkar meir den dagen. 



Etter turen er vegen kort hit. Eg søv mykje om dagen (og om natta). Med armane rundt bbhugme. Mens eg før hadde armane rundt Trond om natta, har eg no erstatta han med ei pute. Eg trur Trond er den som sett mest pris på det.





Ein solskinsdag. Då ligg eg på solsenga mi og les bok. Eg har lese to bøker på ei veke. Det er meir enn eg har lese det siste halve året. 




I blant går eg for å sjå kva Trond driv med. Han jobbar. Anten med Trollrock eller med huset vårt. Eg lagar mat til han, om ikkje anna.




Brukar husmortriks eg lærte av Mamma då eg var liten; brunostrest i brun saus. Smakte godt. Trond bestilte husmannskost til middag. Eg skreiv melding til han tidlegare på dagen; middagen er på bordet presis klokka 18. Trond kom heim litt over klokka 19. Eg kjente eg vart skikkeleg husmorsint; "altså, her strevar eg med å lage mat til han og han har null respekt". Eg tok meg kraftig saman og var blid då han kom heim. Maten hadde tross alt klart seg heilt fint.

I dag skal eg til Fagernes på handletur og så ein tur til Bagn for å helse på familie. Det blir pizza til middag. Framfor semifinale på tv. Det har eg bestemt. Og i livet som heimeverande husmor er det ikkje rom til å vere impulsiv og gjere noko anna enn det som er planen. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…