Gå til hovedinnhold

Tusen takk, kjære Noreg!

Eg vil få takke dykk alle. De som har kjempa for at kvinner har rett på legehjelp og jordmorhjelp under graviditet. De som har kjempa for at vi kvinner har rett på permisjon under fødsel og spedbarnstid - med kompensasjon for tap av inntekt. De som har kjempa for at barnet mitt kjem til å få barnehageplass når eg ein gong skal tilbake i arbeid. Tusen takk!

Eg veit ikkje om eg ville kjempa for alle desse rettane sjølv, men herregud som eg sett pris på dei når eg har dei. Eg er berre så utruleg takksam for at eg ikkje treng bekymre meg for noko som helst anna enn min eigen livvstil og førebuingar til fødsel. Alt det andre treng eg ikkje tenkje på.

Eg er hjå lege og jordmor kvar månad. Eg betaler aldri noko. Eg har vore til to ultralyder. Eg betalte ingenting. Eg måtte inn på legevakta etter at eg holdt på å besvime på bussen. Eg betalte ingenting. Viss eg treng ein ekstra samtale med jordmor før fødsel, får eg det. Antageligvis utan å betale for det.

Treng eg noko meir enn dette, kan eg betale for det. Eg har betalt for tidleg ultralyd. Eg har betalt for tre yogakurs for gravide. Eg har betalt for fødselsførebuande kurs. Det har eg no råd til sidan det offentlege dekkar alt det andre eg treng.

Folk i Oslo får nesten sjokk når eg fortel at det er over to timars køyring til sjukehuset kor eg forhåpentligvis skal føde (der i garden får eg inntrykk av at det er krise om dei blir sendt til Drammen viss det er fullt i Oslo). "Gud, så langt. Får håpe det ikkje går fort".

Eg klarar ikkje å bekymre meg. Eg tenkjer; dei føder i jordhytter i enkelte land. Tenk på alle kvinner i verda som føder utan lege, utan jordmor og med frykt for både sitt eige og babyen sitt liv. Det slepp eg. Eg skal gå gjennom dette i eitt av verdas tryggaste land å føde i.

Eg har krav på følgje av jordmor til sjukehuset om det trengst. Blir det krise, satsar eg på at ambulansen er rett rundt hjørnet. Etter all sannsynlegheit kjem det til å gå bra. Å måtte køyre to timar i bil til sjukehuset, er verkeleg ingenting. Det gjer eg gjerne (eller det er vel Trond som må køyre og eg trur vel eigentleg han gruer seg meir til køyreturen enn meg).

Når babyen kjem, får eg pengar inn på kontoen min. Utan å måtte ha ein jobb utanfor heimen. Dette kan eg fortsette med i 39 veker. Og då kan Trond overta og ta sine 10 veker. Herregud, tenk på kvinner i USA, tenkjer eg, kvar gong det går opp for meg kor heldig eg er.

Når eg skal tilbake i jobb, har eg krav på ammefri. Eg har også krav på ulønna permisjon om eg treng det.

I løpet av desse 39 vekene får eg hjelp. Babyen og eg får oppfølging av jordmødre, lege og helsestasjon. Eg får hjelp til amming om eg treng det. Og sikkert mykje anna. Betalt av det offentlege.

Det høyrast jo for godt ut til å vere sant. Eg skjønner at folk frå andre land ikkje trur det er sant. Det høyrast jo berre heilt utruleg ut.

Eg tek ikkje her stilling til om dette er rett prioritering av ressursar når ein skal sjå overordna på det. Det finst også ulemper med alle desse ordningane, som eg ikkje skal gå inn på her. No held det for meg å konstatere at eg sett så enormt pris på det. Sjølvsagt. Akkurat no kjem det jo meg til gode.

Eg veit nemlig ikkje om tanken på baby hadde vore like fristande om eg måtte tilbake i jobb etter 12 veker heime. Om eg ikkje hadde hatt lønn mens eg var borte frå jobb. Og om eg hadde vore livredd for det som venta meg i helsevesenet når eg no snart skal føde.

Det slepp eg heldigvis å bekymre meg om - slik at eg heller kan konsentrere meg om fødselspust og avspenning dei neste vekene.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…