Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2016

Frå studier av bebi til student med bebi

Eg har sikkert tatt meg vatn over hovudet (att), men eg var, før bebien kom, noko redd eg skulle kjede meg i permisjon. Eg var også redd for å bli dum og lat (eg har anlegg for latskap). Eg bestemte meg difor for at eg skulle bruke permisjonen til å ta opp att engelskstudia mine.

No lurer eg mest på kva i alle dagar eg tenkte på då eg meldte meg på, og eg korleis i alle dagar skal eg få til dette. Å ha (1 stk) bebi er ein fulltidsjobb, og fritid er det minimalt av.

Når eg får nokre minutt å nyte at bebien søv (og då ikkje på brystet mitt), Trond passar på han, eller bebien finn ut at han har lyst til å ha åleinetid og berre stirre i lufta utan å kreve oppmerksemd (svært sjeldan), brukar eg tida på desse tinga: dusje, drikke kaffi, stirre i lufta, skrive blogg  eller ligge rett ut på treningsmatta mens eg tenkjer at eg burde trent bekkenbotnen.

No må eg ta meg saman og bruke desse stundene til å studere engelsk grammatikk. Eller engelsk kulturkunnskap. Korleis i alle dagar skal eg klar…

Då bebien min kom til verda

Då eg kom heim frå sjukehuset, hadde Trond allereie vore heime i tre dagar. I løpet av den tida hadde han fortalt alle i heile Valdres kor tøff og jævlig fødselen hadde vore.

Samtalene mine med dei som hadde prata med Trond, gjekk noko slik som dette:

Person: Det var ein tøff fødsel, skjønte eg.
Meg: Neiss - den var vel heilt normal, vel.
Person: Varte lenge, skjønte eg.
Meg: Nei - den var vel heilt gjennomsnitteleg for fyrstegongsfødande, trur eg.
Person (trur tydeligvis ikkje på meg): Ser tomt på meg og begynner heller å prate med Trond

Dette beviser vel berre det alle menn seier. Nemlig at ein fødsel er tøffare for dei som må sitje ved sidan av og halde i handa enn for den personen som faktisk gjennomgår han.

Eller så er det slik at menn har ein tendens til å overdrive og dramatisere veldig når dei fortel om fødselen til personar dei møter. Kan det vere at Trond faktisk har prøvd å framstille meg som verdas tøffaste dame som takla monstersmerter fordi han er stolt av meg? Ikkje vei…

20 dagar med bebi

Bebien har no tatt fullstendig kontroll over meg og livet mitt. Eg er blitt redusert til ein TV-slave, som har gitt opp det meste og som forstår at plassen min er i ein lenestol med puppar som flagrer i alle retningar. Dei skal lufttørke, skjønner du. Og då kan vi like godt la dei henge ute konstant.

Tjue. Dagar bebien har levd utanfor magen min. Eg er glad for at han endeleg kom ut. Bebien skulle nok ønskje han framleis var inni der, der alt var trygt og forutsigbart. 
Fire. Timar eg ser på tv2 nyhetskanalen dagleg. Eg er ekspert i å sjå dei same innslaga oppatt og oppatt utan å få med meg ein døyt av kva dei handlar om. 
Meg og bebien i stolen framfor tv-en. Bebien tek her ein lur mellom måltida. Viss han får bestemme (og det gjer han jo), skal han helst ligge oppå meg heile tida. 
Tre. Timar bebien har sove i eitt strekk på det lengste desse tjue dagane. 
Eitt. Glas vin eg har drukke på tjue dagar. Eg som hadde sett for meg at eg skulle nyte eit glas vin på kveldstid (kvar kveld!) e…

Endeleg ikkje-gravid!

Som så mange andre opplever eg at dei fyrste vekene med baby gjer at du må prioritere hardt. Det vil si at eg har prioritert dusj, søvn, kaffi og mat dei periodene babyene ikkje heng fast i puppen min. Og tru meg; han heng fast i puppen min halve døgnet; både i vaken og sovande tilstand.
Men så fann eg plutseleg ut at eg kan jo blogge frå mobilen mens han heng fast i puppen min. Og til dykk som no vil hevde  at eg heller burde sjå på baby framfor å sjå i mobilen; min baby har augo att, han bryr seg ikkje. Han er ein livsnyter og vil nyte livet framfor å nyte samspel med mine augo. 
Samspel har vi derimot når baby skrik av full hals på stellebordet. For meg kom det som eit sjokk at ikkje alle babyer elsker å bli bada, stelt og skifta på, og smiler, smatter og lagar søte lyder på stellebordet. Vel - min baby blir nok aldri nokon lano-unge. 
Eg skal kome med eigne bloggposter om fødsel og andre babyrelaterte ting seinare. Eg skal også presentere det vesle vidunderet Sigmund for dykk. 
På tur…