Gå til hovedinnhold

20 dagar med bebi

Bebien har no tatt fullstendig kontroll over meg og livet mitt. Eg er blitt redusert til ein TV-slave, som har gitt opp det meste og som forstår at plassen min er i ein lenestol med puppar som flagrer i alle retningar. Dei skal lufttørke, skjønner du. Og då kan vi like godt la dei henge ute konstant.

Tjue. Dagar bebien har levd utanfor magen min. Eg er glad for at han endeleg kom ut. Bebien skulle nok ønskje han framleis var inni der, der alt var trygt og forutsigbart. 

Fire. Timar eg ser på tv2 nyhetskanalen dagleg. Eg er ekspert i å sjå dei same innslaga oppatt og oppatt utan å få med meg ein døyt av kva dei handlar om. 

Meg og bebien i stolen framfor tv-en. Bebien tek her ein lur mellom måltida. Viss han får bestemme (og det gjer han jo), skal han helst ligge oppå meg heile tida. 

Tre. Timar bebien har sove i eitt strekk på det lengste desse tjue dagane. 

Eitt. Glas vin eg har drukke på tjue dagar. Eg som hadde sett for meg at eg skulle nyte eit glas vin på kveldstid (kvar kveld!) etter at bebien hadde lagt seg. Gløm det! Timane mellom klokka seks og ti på kvelden går med til amming. Konstant! Det er berre å sitte i stolen og la bebien ligge ved puppen. Eg må berre passe på å ha Pepsi Max, fjernkontroll og nok kjeks i nærleiken. Klokka ti gir eg opp (for ørtande gong) og legg meg i senga i lag med bebi. Der sovnar vi omsider - før bebi vaknar opp mellom 1 og 2 ein gong og desperat prøver å finne vegen til puppen. 

Seks. Talet på amme bh-ar eg har kjøpt. Netthandel er blitt min nye hobby. Eg har innsett at det tek lang tid før eg kan gå i normale klede att. Alt må kunne opnast for at puppane lett skal sprette ut.

Ti. Talet på bleier skifta i døgnet. Eit fleirtal av dei med gul bæsj. Eg som aldri har skifta ei bæsjebleie før i heile mitt liv, taklar det ganske fint. Det er bebien min sin bæsj. Og det er sjølvsagt ikkje ekkelt. Eg og Trond har til og med samtaler om bæsjen. 

Åtte. Gonger bebien har tissa på meg på stellebordet. 

Fem. Kilometer eg og bebien har gått på trilletur på det lengste. Endeleg er eg i såpass form at det ikkje er smertefullt å gå. Heldigvis likar bebien å gå tur. Eg også. No er eg blitt såpass avslappa at det går minst ti minutt mellom kvar gong eg sjekkar at han pustar. Eg høyrer på musikk og koplar ut. Bebien er roleg på heile turen. Eg vurderer no om det er akseptabelt å ta med vin på tur, sidan det verkar som at einaste tidspunkt bebi ikkje vil ha mat, er når vi er i bevegelse.

 Bebi-selfie! 

Trilleturlandskap. Bebien søv. Eg høyrer på musikk og er stolt over både vogn og bebi. Vogna er forøvrig ein av dei få tinga vi har kjøpt nytt. Går som ei kule! Og ja; vi brukar insektsnetting, så de treng ikkje gå heilt amok i kommentarfeltet. 


Null. Knipeøvingar eg har tatt før klokka 20, når eg desperat tek ti (altfor) raske for å kompensere for at eg har gløymt dei heile dagen. 

Tusen. Gonger eg har sjekka om bebien pustar. 

150. Kjeks eg har ete mens eg sitt i stolen og ser på TV og ammar. 

12. Kilo som er borte. Dei forsvann alle den fyrste veka. Før eg vart hekta på kjeks. 

500. Kilokaloriar som visstnok skal forsvinne per dag på amming. 

14. Gåver bebien har fått. Takk til alle snille folk som sett pris på han.  Som gir gåve til oss sjølv om eg sikkert ikkje gav dei gåve då dei fekk bebi sist. 

57. Gonger Trond har tatt parti med bebien viss eg fortvila bryt ut at bebien for all del ikkje må putte handa si mellom puppen og munnen eller at han no må slutte å gråte - eg gjer jo så godt eg kan! Slik kjem det til å bli skjønner eg - Trond og bebien rotter seg saman. Mot meg! 

Trond elskar bebien. Og kjem alltid til å vere på hans lag. Det er forsåvidt OK. Akkurat no.

Tusen sillioner trillioner. Gonger eg har tenkt eller sagt kor mykje eg elskar bebien. Eg er fylt med så mykje kjærleik eg ikkje visste var mogleg. Sjølv om det har vore 20 dager i ufriheit og eg veit han kjem til å vere avhengig av meg i mange veker endå. 

Han er skapt av oss. Og vi skal sørgje for at han taklar denne verda, som han framleis ser på som så utrygg. 

Så får det heller vere at eg må vente nokre veker til på det glaset med cava. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…