Gå til hovedinnhold

Då bebien min kom til verda

Då eg kom heim frå sjukehuset, hadde Trond allereie vore heime i tre dagar. I løpet av den tida hadde han fortalt alle i heile Valdres kor tøff og jævlig fødselen hadde vore.

Samtalene mine med dei som hadde prata med Trond, gjekk noko slik som dette:

Person: Det var ein tøff fødsel, skjønte eg.
Meg: Neiss - den var vel heilt normal, vel.
Person: Varte lenge, skjønte eg.
Meg: Nei - den var vel heilt gjennomsnitteleg for fyrstegongsfødande, trur eg.
Person (trur tydeligvis ikkje på meg): Ser tomt på meg og begynner heller å prate med Trond

Dette beviser vel berre det alle menn seier. Nemlig at ein fødsel er tøffare for dei som må sitje ved sidan av og halde i handa enn for den personen som faktisk gjennomgår han.

Eller så er det slik at menn har ein tendens til å overdrive og dramatisere veldig når dei fortel om fødselen til personar dei møter. Kan det vere at Trond faktisk har prøvd å framstille meg som verdas tøffaste dame som takla monstersmerter fordi han er stolt av meg? Ikkje veit eg, men det kan jo vere ein teori.

Eg har aldri sett Trond reagere så raskt som då han hoppa unna for å unngå at eg spydde på han - på eit rom på Gjøvik sjukehus for snart ein månad sidan. Det var også fyrste gong eg spurte Trond om han nokon gong kom til å elske meg att etter dette.

Trond har aldri sett meg spy før. Eg har aldri spydd av smerter før. No intervallspydde eg utan å vere i stand til å gje nokon advarsel på førehand.

Jordmor konstaterte at dette nok betydde at eg hadde nådd den magiske 4 cm-grensa, og at eg kunne få gå inn på fødestova (jippi! Berre seks cm att).

Inne på fødestova var det mogleg å endeleg få skikkeleg smertestillande. Å dusje var herleg, men det er faktisk ikkje smertestillande. Ekte smertestillande skal vere framstilt kunstig - ikkje vere slik naturleg viss-vass.

Det vil si. Lystgass tek verkeleg ikkje bort smerter i det heile tatt. Men at du kan puste inn lystgass mens det gjer intenst vondt, gjer pausene mellom smerten artige. Då føler du deg nemlig litt slik småpussa (gud så lenge sidan eg har vore småpussa) og skravlete. Som eg skravla i pausene! Og eg pusta intense yogapust med lystgass når smertene kom.

Yogadamene ville nok neppe blitt imponert over meg i fødselen. Eg har gått på fire yogakurs i graviditeten - eitt av dei fødselsførebuande. Siste kveld med partner. Yogainstruktøren avslutta med å seie at ho misunna oss alle. Ho skulle gjerne føda ein gong i året. Det var nemlig så herleg. Dette var kanskje grunnen til at Trond trudde fødselen skulle bli meir kjære mor enn det viste seg å bli.

Av yogaen fekk eg inntrykk av at så lenge du klarar å puste og slappe av, går riene som ein leik. Og held du deg i oppreist stilling vil bebien nærast skli ut av deg. Og kvinnen skal sjølv få styre fødselsprosessen - det er eit overgrep å tvinge ho på rygg i ei fødeseng.

Det siste momentet er grunnen til at eg valde å føde på Gjøvik sjukehus framfor Lillehammer. Utan å gå nærare inn på det, følte eg at fødeavdelingen på Gjøvik sjukehus var meir lydhøyre ovanfor mine ønskjer. Eg er veldig glad for at eg hadde gjort grundige undersøkingar på val av sjukehus.

Marthe var jordmora som tok seg av meg i starten. Eg vart svært glad i Marthe. Eg, som hadde trudd eg skulle vere bestemt i fødesituasjonen, vart som ein pusekatt. Om ei av jordmødrene hadde sagt eg burde stå på alle fire og hoppe opp og ned, hadde eg gjort det. 

Vel. Marthe var den som bestilte epidural til meg. Eg hadde ein tanke om at no skulle alt bli bra. Vel - alt vart verre. Så anten hadde epiduralen dårleg effekt. Eller så er fødsel utan epidural heilt innihampen jævlig. 

Samtidig med at alt begynte å gjere svært vondt begynte vi å nærme oss vaktskifte. Eg var framleis på åtte cm opning og var ikke i nærleiken av å kome vidare. Min engel Marthe skulle forlate meg og eg var livredd. Eg hadde vore på fødeavdelinga frå klokka 18, og klokka 23 var vi altså ikkje i nærleiken av å sjå ein unge.

Inn kom Anne. Og eg begynte snart å skrike.

Hadde ein av instruktørane frå yogakurset kome inn mens det stod på som verst og bedt meg puste, hadde eg bedt ho ta med seg duftsprayane sine og reise rett til helvete. Eg har eit vagt minne om at eg hang over senga og berre skreik så høgt eg klarte. Eg sa til Trond og til Anne; "Eg klarar ikkje puste meir - eg må berre skrike".

Epidural kan du få billig av meg. Det som etter kvart hjalp var lystgass og at Trond trykte ei massasjepute med all sin kraft mot korsryggen min. Og kjærasten min er sterk altså, så det seier litt om kva korsryggen min tålte!

Klokka vart over midnatt og eg hadde hatt såkalla åtte centimeters opning i fleire timar. Plutseleg opplever eg litt panikk i rommet. Babyen sine hjarteslag går ned. Lege kjem inn. Jordmor nummer to kjem inn. Barnepleiar kjem inn. Og eg får beskjed om at dei skal klargjere for vakuum.

Eg veit ikkje om dette stemmer, men eg har ei kjensle av at dei på dette tidspunktet (det gjekk svært fort her), gav meg så mykje bedøving både her og der at eg mista kjenslene totalt i underlivet (som nok er ein fordel viss dei skal inn ein viss plass med ein slags sugekopp).

Heldigvis kom bebien seg att, og vakuum trengte vi ikkje bruke (puh). Men bebien hadde bevega seg ned dit han skulle, slik at det plutseleg var tid for å trykke han ut.

Kjente eg nokon trykketrang? Ikkje i det heile tatt. Den berømmelige trykketrangen eg hadde førebudd meg på og lese så mykje om, kom altså aldri (noko som då truleg heng saman med det som er skildra over). 

Jordmor Anne var også heilt fantastisk. Så anten har eg vore svært heldig, eller så er fødeavdelinga på Gjøvik eksepsjonelt bra og mykje betre enn sitt rykte. Jordmor Anne gav meg beskjed klokka 0100, då trykkinga begynte, om at innan klokka 0200 skulle denne bebien vere ute.

Det klarte vi. 0200 presis kom Sigmund. Etter at eg hadde trykt han ut på pur vilje. Og fordi eg var så innihampen lei av å vere gravid. Og tenkte på cava. 

Vesle Sigmund kom opp på brystet mitt. Dette vesle mennesket som hadde budd inni meg så lenge, men som eg likevel ikkje kjende. Eg hugsar han hadde så enormt store augo. Som han såg på oss med. Store og opne augo. Veldig nysgjerrig på kven vi var. 

Eg fekk meg mat. Tok meg ein dusj. Eg og Trond fekk oss eit rom. Trond fekk seg nokre timar med søvn. Eg låg og såg på bebien i nokre timar. 

Bebien er for kald på morgonkvisten. Eg må varme han. Eg er lukkeleg, trøtt og litt redd. Bilete er tatt slik om lag seks timar etter Sigmund kom til verda. 

Trond reiste heim til Trollrock, som skulle starte dagen etterpå. Eg vart att på sjukehuset. I lag med bebien min. Som, om mogleg, var endå meir forvirra enn meg. 

Eg fekk enormt god hjelp på barselavdelinga på Gjøvik. Eg spurte og grov om alt, og hadde bestemt meg for at den derre amminga skulle eg i alle fall få til. Og det gjorde eg - med god hjelp! 

Det var tydeligvis til min fordel at "alle" vel å føde på Lillehammer. Etter at Sigmund kom til verda, tok det tre dagar før det kom ny bebi. På slutten var eg altså åleine på barselavdelinga (for ordens skuld; dette er uvanleg og slik sett var eg heldig). Luksus! 

Meget mogleg eg også fekk ekstra hjelp sidan eg måtte klare meg utan pappaen. Og sidan eg var full av hormoner vart eg heller ikkje lei av å fortelje historia om kvifor Trond, som driv festivalen Trollrock, som starta dagen etter sonen hans kom til verda, ikkje var til stades. Og også historia om foreldra til Sigmund, som er elendige til å planlegge, men når alt kjem til alt ikkje kunne fått eit betre resultat. 

Tusen takk til dei fantastiske folka på Gjøvik sjukehus som gav meg ein fantastisk flott start på livet med Sigmund. Eg visste vi hadde eit bra helsevesen, men de var over all forventing! Eg følte meg trygg heile vegen. 

Og brødskivene har aldri smakt betre enn på Gjøvik sjukehus. Etter fødselen, riktignok. 

Og takk også til yogaen altså - eg er svært glad for alle kursa (veit det ikkje verkar slik lenger opp i innlegget). Pustingen hjalp meg svært lenge (og til å ta djupe pust med lystgass) og eg er glad eg var svært godt førebudd. Men naturleg heimefødsel blir nok aldri min greie. 

Min snille mamma kom og henta meg på Gjøvik laurdag. Vi reiste då opp til Beitostølen for å møte festivalpappaen. Trond hadde berre augo for sonen sin - meg ensa han knapt. 

Og det er sant det folk seier. Når bebien er ute, gløymer du kor jævlig det er med rier. Kanskje difor det er umogleg å skildre med ord korleis det kjennast ut? 

Men; eg har lovd meg sjølv å ikkje bli ein av desse damene som overgår kvarandre i jævlige fødselsopplevingar (og håper verkeleg at eg ikkje underheld folk med historier frå fødselen på fyrste fest, med litt for mykje vin innabords). 

Så eg tenkjer: du kjem deg gjennom det. Det er ikkje verdt å bruke lang tid på å grue seg, men det er ein fordel å førebu seg godt. Og slapp av; du er i dei beste hender. Dei kan fødsel på sjukehusa og opplevinga du får med fødselen, blir etter all sannsynlighet god. 

Så det verkar som om eg avsluttar der eg starta. Fødselen var tydeligvis verre for Trond enn han var for meg. Altså tåler vi damer meir enn dykk menn. 





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…