Gå til hovedinnhold

Endeleg ikkje-gravid!

Som så mange andre opplever eg at dei fyrste vekene med baby gjer at du må prioritere hardt. Det vil si at eg har prioritert dusj, søvn, kaffi og mat dei periodene babyene ikkje heng fast i puppen min. Og tru meg; han heng fast i puppen min halve døgnet; både i vaken og sovande tilstand.

Men så fann eg plutseleg ut at eg kan jo blogge frå mobilen mens han heng fast i puppen min. Og til dykk som no vil hevde  at eg heller burde sjå på baby framfor å sjå i mobilen; min baby har augo att, han bryr seg ikkje. Han er ein livsnyter og vil nyte livet framfor å nyte samspel med mine augo. 

Samspel har vi derimot når baby skrik av full hals på stellebordet. For meg kom det som eit sjokk at ikkje alle babyer elsker å bli bada, stelt og skifta på, og smiler, smatter og lagar søte lyder på stellebordet. Vel - min baby blir nok aldri nokon lano-unge. 

Eg skal kome med eigne bloggposter om fødsel og andre babyrelaterte ting seinare. Eg skal også presentere det vesle vidunderet Sigmund for dykk. 

På tur heim med babyen - frå trygge Gjøvik sjukehus. Tru det eller ei; vi klarar oss faktisk ganske bra heime. 

No skal eg berre konstatere nokre ting som er svært mykje betre med å ha ungen utanfor framfor inni magen:

1.  Smaken av kaffi
Eg drakk kaffi under svangerskapet, men ikkje spesielt mykje før eg vart kvalm. Det smakte ikkje bra, og eg drakk det mest for å vakne kvar morgon. Men no! Kaffi smaker fantastisk! Og eg kan drikke så mykje eg vil! Jippi. 

2. Vektnedgangen
Ti kilo ned på ei veke. Aldri opplevd makan eg. Og kvar gong babyen høgg tak i puppen og skaper intens smerte, tenkjer eg; det er tross alt meir behagelig enn å jogge! 

3. Å ligge på ryggen og ligge på magen
Eg må ikkje lenger berre ligge på venstre side. Eg får puste uansett korleis eg ligg! 

4. Eg har lyst til å ete sunt
Den enorme trangen etter is er borte. Også den enorme trangen til vannmelon. Ikkje at eg har kjempelyst til å knaske gulrot heile dagen no heller, men eg føler jo absolutt at det er meir fristande. Fordi eg ser eit håp om å bli tynn. Og fordi eg vil babyen skal ha det sunt. 

5. Latterkrampene
Herregud som eg har skratta den fyrste veka etter at Sigmund kom til verda. Av det raraste. Og eg klarar jo ikkje stoppe. Finn Bjelke si bok "pappa for første gang" har fått meg til å hikste så babyen omtrent har hoppa av brystet mitt. TV-bilete av Åge Aleksandersen for tjue år sidan fekk Trond til å vurdere psykiatrisk behandling. Men kjære vene så moro då!  

Og så var det denne cavaen då, lurer de kanskje på? Ja jøss, seier eg. Eg gler meg framleis til babyen sovner fredfullt på kvelden, eg er utkvilt og ønskjer å prioritere cava framfor søvn. 

Endeleg roleg baby i bæresjal. Tok ei stund før eg fekk det til, men no; to frie hender! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…