Gå til hovedinnhold

Frå studier av bebi til student med bebi

Eg har sikkert tatt meg vatn over hovudet (att), men eg var, før bebien kom, noko redd eg skulle kjede meg i permisjon. Eg var også redd for å bli dum og lat (eg har anlegg for latskap). Eg bestemte meg difor for at eg skulle bruke permisjonen til å ta opp att engelskstudia mine.

No lurer eg mest på kva i alle dagar eg tenkte på då eg meldte meg på, og eg korleis i alle dagar skal eg få til dette. Å ha (1 stk) bebi er ein fulltidsjobb, og fritid er det minimalt av.

Når eg får nokre minutt å nyte at bebien søv (og då ikkje på brystet mitt), Trond passar på han, eller bebien finn ut at han har lyst til å ha åleinetid og berre stirre i lufta utan å kreve oppmerksemd (svært sjeldan), brukar eg tida på desse tinga: dusje, drikke kaffi, stirre i lufta, skrive blogg  eller ligge rett ut på treningsmatta mens eg tenkjer at eg burde trent bekkenbotnen.

No må eg ta meg saman og bruke desse stundene til å studere engelsk grammatikk. Eller engelsk kulturkunnskap. Korleis i alle dagar skal eg klare det? Med bebi og med ein hjerne som er mest mottakeleg for tema som amming, bæsjing og raping. Hadde eg tatt eksamen i amming og bæsj, hadde eg bankers klart ein A. Engelsk er eg meir usikker på om hjernen min er mottakeleg for.

Slik løyser eg førebels kombinasjonen bebi og studier. Studere ved kjøkkenbenken med bebi på brystet. Bebi likar ikkje at eg sitter når han er i bæresjal. Står eg er det meir akseptabelt, og eg kan ta nokre sexy moves med hoftene om han blir uroleg. Då roar han seg. Tre ting på ein gong; ta vare på bebien, eg får studert og attpåtil får eg forbrent ekstra kaloriar. (og til bebipolitiet: bebien tittar ut på mi høgre side, så han fekk puste)

Eg starta på vidareutdanning i engelsk hausten 2013. Det er eitt av dei artigaste studia eg har gått på. Eg følte det var relevant, interessant og svært utfordrande. Eg kunne bruke det eg lærte i undervisninga. Eg vart ein betre engelsklærar. Eg følte meg smartare og eg følte eg utvikla meg sjølv.

Oktober 2013 måtte eg slutte. Etter å ha vore student berre nokre månader. Slik går det når ein får seg ny jobb og må omstille seg frå ein dag til ein annan.

Ein vakker dag skal eg jobbe som lærar att, trur eg. Eg veit ikkje når det blir, men eg veit at eg då vil undervise i engelsk. Eg har ingen studiepoeng i engelsk, og det må eg skaffe meg for å kunne undervise i faget (og for ordens skuld; skulle berre mangle at det ikkje er krav om det).

Eg skal difor prøve å skaffe meg 30 studiepoeng i engelsk det neste året. For å få til dette, skal eg vende attende til der ein gong var student i min ungdom. Nemlig Trondheim og NTNU. Det vil si; det er fjernstudium, så eg treng ikkje reise til Trondheim for å studere. Vi kan bruke dette internettet, skjønner de.

Og å bruke dette internettet er krevjande for ei dame på 35. Når eg allereie no tykkjer det tekniske rundt studiet er komplisert, verkar dette lovande. Eg har skrive ned alle brukarnamn og sider eg må inn på, på eit ark. Eg føler meg som ho gamle dama som prøver å lære seg teknologien for studentar i år 2016. Det er godt eg slepp å møte dei andre studentane, slik at eg unngår å bli ho med dei rare kleda som dei unge studentane må forbarme seg over.

No har eg, etter mykje stønning og forbanning, klart å kople meg på både e-postar og innsida og funne nettsida for studiet, som då blir viktig framover sidan dette, som sagt, er eit fjernstudium. I morgon startar studiane, og som den flittige student eg er, har eg tjuvstarta litt. Berre litt.

På nettsida ligg ein plan for kva vi må gjennom veke for veke, og det er til og med oppgåver eg skal gjere. Både obligatoriske og ikkje-obligatoriske. Så spørs det om den indre motivasjonen min er stor nok til at eg gjer også det som ikkje er obligatorisk. Det viktige her blir å henge på frå starten av - og ikkje falle for fristelsen til å vente med alt til dagen før innleveringane (kjent taktikk eg brukte sist eg var student ved NTNU).

Veit de? Eg har aldri følt meg meir motivert for eit studium i heile mitt liv. Og eg trur at livet med bebi gjer at ein disponerer tida mykje betre enn før. I staden for å sjå på Desperate Housewives sundagsmorgon, når bebien er i godt humør, må eg rett og slett praktisere engelsk på ein litt meir konstruktiv måte. Og det skal vi jammen klare. Eg og bebien min.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…