Gå til hovedinnhold

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebier må ha lue når vi skal ut (for å forklare hylande unge kvifor eg må gjere dette som han hatar)
- Mammaen din skal berre bestille ein koppholder frå internettet, skjønner du, så ver litt tålmodig
- Du skal få mat skjønner du - Mamman din må berre på do ein liten tur
- Mammaen din skal berre ta ein dusj. Men det er så moro å ligge her på golvet litt
- Men duuuuu, lille venn. Mammaen din går jo aldri frå deg. Eg kjem alltid tilbake
- Mammen din syns også tran smaker pyton, men sjå her; eg tek ei skje og smiler som berre det etterpå
- Skal mammaen din synge ein sang kanskje?
- Mammaen din må berre inn for å hente smokken skjønner du, så skal vi gå tur.
- Ååååååå - mammaen din er så glad i deg!

Eg trur de skjønner greia. Frykteleg irriterande for alle menneske i heile verda - inkludert meg sjølv.

Men trur de dette er nok? Å neida, du.

Eg har også begynt å omtale Trond i tredjeperson:
- Skal vi gå å sjå kva Pappaen din driv med?
- Dette er favorittartisten til pappen din, så ikkje skrik, lille venn. Vi er snart heime, så skal du få mat (typisk biltur)
- Du likner så på pappaen din, skjønner du
- Pappaen din er så flink til å mekke bil. Når du blir større skal de mekke bil saman
- Sjå kor fint rom pappaen din har lagd til deg?

Det vil si; kompliment til Trond blir ikkje lenger gitt direkte frå meg, men via Sigmund i tredjepersonsform. Så det heiter ikkje lenger: "Grr, så sexy du er i dag, kjære!", men det blir: "Pappaen din er så kjekk, bebien min!" sagt med bebistemme.

Det er ikkje rart at folk går frå kvarandre etter at det kjem ungar. Det er eit under at så mange held i lag!

Gitt at då fleire blir som meg etter å ha fått bebi. Eg håper nemlig dette er universelt og at det ikkje berre er meg som automatisk er blitt verdas mest irriterande menneske etter at Sigmund kom til verda. 

I så fall er det ikkje rart at mødre søkjer andre mødre som vener. Det er jo ingen, som er ved sine fulle fem, som vil tilbringe tid med oss. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein