Gå til hovedinnhold

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 


Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein slappfisk. Eg var allereie blitt ein pudding før graviditeten - og i graviditeten vart eg ein slappfisk. Eg vart sliten av å gå opp ei trapp på slutten, og det lengste eg klarte å gå var tre kilometer før eg var fullstendig kaputt.

Siste bilete av meg før fødselen. Eg lagar muffins og et muffinsrøre med stor apetitt. 

Etter fødselen har eg kost meg endå litt meir - med samvitet i orden. Hallo? Det er jo anbefalt å kvile etter fødsel. Ein skal jo kome seg. Barselkvinnene skal kvile. Det er viktig. Både for meg og barnet. Treninga har difor bestått av ikkje spesielt systematiske knipeøvingar i stolen mens eg et sjokoladekjeks og drikk pepsi max og ser på tv.

Eg har følt meg som eit søppelmenneske til tider. Men det var då eg begynte å sjå på livet med Kardashians at eg forstod at nok var nok, og at eg måtte ta meg saman.

Det var då eg kjøpte ein haug med grønsaker, lagde hummus og bestemte meg for at den siste kjekspakka var kjøpt.

Og no er eg i gang. No har eg kjøpt meg trenings-bh med ammefunksjon, og er på gåtur kvar formiddag. No er eg oppe i 7-10 km på ein god dag, med innlagt motbakkegåing. Det kjem jo litt an på bebien kor langt eg kan gå - eg har allereie måtte kriseamme på ein stein i grøfta langs Robølsvegen, og det er ikkje  noko eg ønskjer å gjere fleire gonger, så eg eksprimenterer no med mindre trafikkerte veger.
Meg no. Dagens høgdepunkt er trilletur. Då er bebien roleg og eg slappar av. Og det er så motiverande at eg no kan gå oppover ein bakke utan å ta pause. Og det med barnevogn.

Mange som har fått ungar blir superspreke etter graviditet. Det trur eg handlar om fleire ting.

For det fyrste trur eg det handlar litt om at folk (i alle fall meg) er drittlei av å bli andpusten av den minste ting i slutten av svangerskapet, og at tanken på lange gåturer i oppoverbakke gjer oss lykkelege.

For det andre trur eg det er svært motiverande å oppdage at ein etter fødselen faktisk autonatisk er i betre form sidan lungane no har god plass (for min del handlar det vel også om at no ti månader utan alkohol og røyk også gjer meg i betre form).

For det tredje trur eg at mange føler seg motivert og pressa av jaget etter Mammakroppen og at det er trend å komme supersprek tilbake etter graviditet.

For det fjerde trur eg at veldig mange går veldig lange gåturar fordi det er einaste måten å få bebien til å sove.

Cava Runners vil no gjenoppstå. Eg har sett meg som mål å delta i halvmaraton på Beitostølen i juni til neste år. Det bør vere overkommeleg. Som oppvarming skal eg springe Sentrumsløpet i Oslo i april fyrst - det er ein fast tradisjon i Landbruks- og matdepartementet, og obligatorisk sidan eg, etter planen, skal tilbake på jobb måndagen etterpå.

Etter å ha sett Folkeopplysningen på NRK lærte eg riktignok at å setje seg mål (basert på sjølvhjelpsbøker) gjer at du gløymer andre viktige ting (som til dømes i dette tilfellet å trene armmusklane mine eller kose med bebien), men det får stå sin prøve. Å ha eit mål om å springe halvmaraton om nesten eit år, bør vere såpass moderat at eg også får tid til andre ting.

Det er plass til fleire i idrettslaget Cava Runners. Send meg ein melding om du også ønskjer å vere med, så lager vi ein happening ut av det. Du må ikkje ha født, du må ikkje like å springe, men du må like cava! Og tru meg; cava smaker utruleg godt etter å ha lagt nokre kilometer bak seg!

Kommentarer

  1. Sport betyr mye for meg og, eg skjønner hvordan du følte deg når du kunne ikkje jogge. Eg er glad for at nå ting går bedre

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…