Gå til hovedinnhold

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er svolten eller viss han treng noko anna (for eksempel fordi han har vondt i magen og treng at eg masserer han slik at han får bæsja eller han treng å rape). Stort sett skrik han fordi han skal ha mat og det må han jo få lov til å gjere (det er hans måte å kommunisere på - for guds skuld).  Han vaknar annankvar time på natta, og det er jo heilt vanleg. Det er nødvendig for han å ete mykje no i starten.
Grand-tante: Åjaja (med slik dustete tonefall og kritisk blikk som seier, utan å seie det, at ungen min er altfor krevjande og at eg let han vere krevjande og at eg burde la han skrike litt meir utan å skjemme han bort med å gje alt for mykje mat. På min tid, nemlig, så gav vi mat berre kor fjerde time, og ikkje meir enn 15 min kvar gong. Det gjorde vi for å ikkje skjemme bort ungane).

Som de ser: eg gav alt for omstendelege svar. Eg burde ikkje røpa så mykje om våre rutiner. Eg burde ikkje fortelje at bebien min får mat annakvar time på natta (og endå oftare på dagen). At eg tilpassar meg bebien framfor at han skal tilpasse seg meg (for guds skuld; han er ein liten bebi som treng tid til å tilpasse seg den skumle verda utanfor magen). No har nemlig grand-tantene masse dei kan fortelje om meg på kaffislaberas. Som til dømes at vesle Sigmund kjem til å bli kjempebortskjemt fordi mammaen hans let han ete heile tida og fordi ho går rundt og ber han på magen heile dagen. Og ja; han kjem til å bli enebarn også, veit de.  Og sjølvsagt; dei unge i dag burde gjere meir som vi gjorde på 60-talet.

Så eg har lagd meg nokon korte svar som eg skal bruke neste gong eg får spørsmål om bebien min er snill:

Alternativ 1: Nei - han minnar meg litt om Pol Pot (eller annan jævel frå verdshistoria)
Alternativ 2: Nei - han har jo femti prosent av meg i seg
Alternativ 3: Nei - han har allereie begynt å mobbe meg. Eg trur eg treng psykolog
Alternativ 4: Eg er så bekymra. I går så drepte han maur og gliste rått av det - akkurat som han mora seg. Eg veit verkeleg ikkje kva eg skal gjere!
Alternativ 5: Veit du kva? Når eg sitt og ammer og vi ser på Game of Thrones, så gliser han rått når det kjem torturscener og så bit han meg i puppen. Han har også innrømma at han heier på Cersei Lannister.
Alternativ 6: Han er veldig slem, men eg har allereie begynt å gje han juling, så eg reknar med det betrar seg (advarsel; kan innebere besøk av barnevernet)
Alternativ 7: Han er slem, så eg må nok adoptere han bort
Alternativ 8: JA
Alternativ 9: NEI
Alternativ 10: Er du snill?




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…