Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!
Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?
Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin drømmeveke i Oslo" (dessutan har eg prøvd å ha han der før utan spesielt stort hell - det er ikkje såååå moro å måtte rydde bort vektstang, boks og ball i eit rasande tempo når du høyrer på høgtaleren "Kan Mammaen til Sigmund kome til barnepassen". Altså; eg klarar ikkje kople av når han er i barnepassen. Endå.).
Eg veit det er lettare når du har berre ein unge, og ikkje eit svært hus som må haldast i orden (det er att heime i Valdres), men her er i alle fall mine seks tips til korleis du kan lure deg til å få opp pulsen og styrka med baby.
1. Bruk vogna!
Eg går langt over ti tusen skritt kvar dag med barnevogn. Det må du når ungen skal sove to dubbar om dagen og berre søv i vogn. For meg er imidlerid denne tida i Oslo hellig. Det er avkopling der eg høyrer på podcast, musikk eller berre sniffar inn luktene av Oslo. Eg ruslar rundt og ser på trea i slottsparken eller folka på gata.
Når eg er i Valdres derimot har eg begynt å bruke denne sovetida til trening. Eg har joggevogn heime, og har funne ut at det faktisk går fint å jogge 5 km med vogna og at det kan fungere som ei ganske tøff treningsøkt. Eventuelt køyrer eg intervallar der eg spring 45 sekund og har pause 15 sekund. Dette køyrer eg 6 gonger, før eg tek aktiv pause på eitt minutt. Dette gjer eg så fire runder av. Då blir ein sliiiten!
Har ein ikkje joggevogn, kan du guffe på i motbakkar. Finn du ein lang motbakke kan du køyre intervallar på 45 sekund i den også. Viss du har ein kort bakke så guffer du opp bakken alt du klarar, før du går roleg ned att, og gjentek dette så lenge ungen søv eller du orkar. Du treng verkeleg ikkje joggevogn for å få opp pulsen!
Har du ein unge som søv når vogna står i ro, kan du gjere masse fine kroppsvektøvingar mens vogna står stille. Den luksusen har ikkje eg, så eg må halde vogna i bevegelse heile tida (viss ikkje vaknar Sigmund).
Eg har difor gjort ein haug med gåande utfall med barnevogn. Genialt på utrafikkerte veger i Valdres. Eg trur ikkje eg ville gjort det i Oslo. Eg føler meg dum. Men gir du blaffen i kva andre tenkjer, kan du gjere gåande utfall kor som helst.
2. Bruk ungen!
Eg har ikkje gjort mykje av dette etter at Sigmund vart aktiv kålmakk som både krabbar og går, men det er framleis svært mykje som Sigmund elskar.
Sigmund elskar knebøy. Det er noko med å bli halde mens eg beveger meg opp og ned som får han til å hyle av fryd. Viss eg i tillegg løftar han opp i ein skulderpress etterpå, så er livet perfekt. Men eg blir jo sliten etter to løft i taket, og må då ofte gi meg av frykt for å ikkje klare den neste repetisjonen.
3. Bæremeis!
Sigmund elskar å sitte i bæremeis. Opp trapper eller bratte bakker i bæremeis tek verkeleg på beina. Og ungen vil heilt sikkert tykkje det er greitt om du går opp og ned den same trappa ti gonger mens du syng ein song. Eventuelt kan du kome deg ut på ein fjelltur (for ordens skuld; eg har ikkje sjølv gjort det endå). Du kjenner du har 12 kg ekstra på ryggen!
Eller gjer som eg har gjort i Oslo; gå på shopping med ungen i bæremeis. Sigmund trivst mykje betre der oppe enn å sitte i vogn, og eg får handla meir!
4. Leikeparkar
Oslo kryr av leikeparkar. Mange har slike stenger du kan henge i eller gjere øvingar på. No er det ofte ikkje mykje eg får gjort før Sigmund kjem for å bli med, men eg har fått lurt inn både nokre push ups, dips og utfall på desse stengene. Og 5 repetisjonar er betre enn ingen!
5. Legg deg på ryggen og gjer mageøvingar
Sigmund elskar å leike på golvet mens eg er i nærleiken. Det ser ut til at han er mykje tryggare når eg sitt eller ligg på golvet. Viss du har overskot (ofte ligg eg og halvsøv i staden altså), kan du gjere kjerneøvingar på golvet mens ungen leikar og krabbar over deg. Situps kan bli som ein artig borte-titt-titt-leik!
6. Trening på stovegolvet på kveldstid
Det har jo då blitt løysinga mi denne veka her. No får eg inn veldig mykje aktivitet i løpet av ein dag, men eg treng å få opp pulsen litt ekstra. Då må eg gjere det etter Sigmund har lagt seg. Vanlegvis bruker eg å køyre enkel sirkeltrening anten som tabata (20 sekund aktivitet, 10 sekund kvile, åtte gonger, så mange runder du orker) eller 45 sekund på, 15 sekund av. Som regel berre med eigen kroppsvekt.
Den veka her har eg imidlertid bestemt meg for å prøve videoer. Eg har då brukt Sats Elixia sin online training. Og det funker som berre det! Bortsett frå afrodanseøkta eg køyrte i dag, har det vore vellukka. Det er enkel sirkeltrening med egen kroppsvekt, og eg får då utfordra meg sjølv på nye øvingar. Genialt!
Men du må ikkje vere medlem i Sats for å få til dette. Du finn masse videoar på youtube du kan bruke. Elles kan du sette saman enkle øvingar som push ups, planke, burpees, froskehopp eller berre hoppe rundt omkring på golvet i ein eller annan variant. Sett på noko digg musikk, eller gjer som meg; finn intervall-training-musikk på Spotify som gir deg musikk og tida du skal drive med øvinga. Mine favorittar er berre å finne tabatamusikk, bestemme seg for 4-8 øvingar du gjer, og så guffe på. Du blir sliten på eit blunk!
Den veka her har eg trent mellom 20 og 30 minutt på stovegolvet på kveldstid. Og det held i massevis!
Og humøret? Heilt supert!

Men ja; eg skal innrømme eg gler meg til å springe ned på sats for å få trening og åleinetid.
Kommentarer
Legg inn en kommentar