Gå til hovedinnhold

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand
Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 

Terningkast: 2 


Charla K - Stop the music
Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?

Terningkast: 5 

Alejandro Fuentes - Tengo Otra
Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 

Terningkast: 3

Ida Maria - Scandilove
Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fyrste gjennomhøring er dette min favoritt - kanskje fordi det stilmessig kan minne meg om ungdomstid og ho syng om skandinaviske hipstergutar? Etter å ha høyrt gjennom to gonger held eg likevel ein knapp på Charla som kveldens beste. 

Terningkast: 5 


Nicoline - Light me up
Også slik nymotens greier som er kjeeeeedeleg. Repeterende og slitsomt!! 

Terningkast: 2


Alexander Rybak - That's how you write a song
Neineinei!! Kva har eg sagt om å stille opp i MGP når du har vunne før? Du gjer det ikkje!! Og i alle fall ikkje når du vann suverent førre gong! Låta er fin, heilt OK, men det blir jo aldri som Fairytale, som alle vil samanlikne med. 

Terningkast: 3


Rebecca - Who we are
Dette er kveldens ballade, og viss eg er i det sentimentale hjørnet i kveld etter å ha sakna Sigmund i ei veke, kjem eg sikkert til å grine. Men du - denne er ganske fin! Eg likar det! Ikkje party, men fint! Pallplass! 

Terningkast: 5 


Tom Hugo - I like I like I like
I same gryta som låt nummer 1. Keisamt og platt. Sikkert likt av kidsa, men ikkje blant oss som framleis drømmer om Carola. 

Terningkast: 2 


Vidar Villa - Moren din
Jada - fint at du syng på norsk. Og eg skjønner at det er ein greie å gje plass til harry norske artistar i mgp. Men pliiz, reis heller til Hemsedal på afterski. 

Terningkast: 1 


Stella Mwangi & Alexandra Rotan - You got me
Neineinei. Kva har eg sagt om å stille opp i MGP når du har vunne før? Riktignok berre den nasjonale finalen, men attpåtil floppa i den internasjonale. Jada, du syng kanskje mindre surt denne gongen, Stella, men det hjelp ikkje. Mest dansbare låta og nesten pallplass! 

Terningkast: 4 




Oppsummering:
Sterkeste felt på mange år! Tre femmarar er supert! Ingen klar vinner i år, så dette blir spanande. Eg ville sett pengane på Charla K! I kveld blir det uansett sjampanje. Hurra! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…