No har eg altså forlatt Oslo. Kjørte fløttelasset 21.desember, og fikk jammen med alt på hengeren til Vågå også. Men Gud bedre det var lenger enn eg hadde trudd opp dit. Eg var ikkje tilbake att i Valdres før halv to på natta, og min stakkars far som køyrte, var vel ikkje tilbake i Oslo før halv fire utpå natta. Men koseleg får eg det i Vågå. Har fått kjempefin (og stor!) leilighet, og drassa med ein tretti år gammal seksjon (som eg fann gratis på finn.no) frå Oslo og opp dit. Så eg trur eg kjem til å få det bra. Eg har feira jul i Valdres, og brukt mesteparten av ferien på å sortere ting. Og eg har komme til ein konklusjon; eg har altfor masse ting. Eg har kasta og kasta og kasta, og sortert litt. Klede har eg altfor mykje av, og eg har spart på alt mogleg frå studier, politikk og jobb. Eg har sikkert kasta eit tonn med papir. Men no er alt snart ferdig sortert. Heldigvis har eg ein leilighet her i Bagn, som eg kan ha alt rælet i, så eg skal forsøke å ta med meg minimalt til Vågå. M
- Hanne Blåfjelldal