
Eg er heime i Valdres, og er no i full gong med å rydde i gamle papir frå åtte år med studiar, ti år i politikken og elles alt eg har vore gjennom (eg er blitt kasta ut av jenterommet mitt, og må få ting på plass i ny bustad). Det var då eg bladde gjennom brosjyrar og anna ræl eg har teke vare på, eg fann att denne fantastiske brosjyra til Unge Høgre frå omkring år 2000.
Det var denne brosjyra som verkeleg vekka mitt politiske engasjement. Eg var på studiemesse ved Oslo-kanten då eg gjekk i 3.klasse på vidaregåande, då ein gjeng blærete Unge Høgre-folk hadde stand, og delte ut denne brosjyra. Då trur eg er fyrste gong eg verkeleg har vore sint i heile mitt liv, og eg gjekk bort til desse gutane som eg trur var kledd i dress og/eller rosa skjorte med alt for mykje gele i håret. Eg trur eg må ha sett illsint ut då eg gjekk bort til dei og lurte på kva i alle dagar dette var for noko, og kvifor dei hadde så mykje i mot folk som prata nynorsk. Eg trur også eg sa: "Sammenligna dikka me med ei kyr førdi e prata dialekt? Detta æ lavmål, og e hadde venta me meir tå eit seriøst politisk parti!". Eg bruker å seie, når eg skal fortelje om denne hendinga, at eg sa: "Mø rauta ikkji" (men det trur eg ikkje eg gjorde). Til lesarar som aldri har høyrt meg prate: Eg (og folk frå Valdres) seier "mø" der dykk seier vi eller me.
Eg trur eg skreiv illsinte lesarbrev i etterkant av denne hendinga. Og i skuledebattane hausten eit par år etterpå, så tok eg fram brosjyra på Valdres vidaregåande, og sa: "Unge Høgre samanliknar dykk alle med kyr". Eg trur ikkje Høgre fekk stor oppslutnad på Valdres vidaregående det året (det har dei vel heller aldri fått etterpå).
Eg har alltid kjefta på folk som går til åtak på nynorsk i staden for sidemål, og også folk i FpU som har prøvd seg på liknande saker, har eg kjefta huda full. Då eg gjekk på forfatterskule på Finnsnes, så var det også ein lokal FrP-helt i Lenvik kommune som fekk fyrstesida av Troms Folkeblad med denne overskrifta: "Spynorsk mordliste" der han gjekk til åtak på nynorsken. Eg har aldri vore nærare ved å melde meg ut av Framstegspartiet.
Tilbake til Unge Høgre-brosjyra. Dette er teksta på baksida:
Unge Høyre vil at du skal kunne velge bort nynorskeksamen.
Det er bedre å lære ett mål godt, enn to mål dårlig.
Vi trenger din hjelp for at politikerne skal skjønne at nynorsk skal være valgfritt.
Meld deg inn i Unge Høyre. Sammen vinner vi kampen mot sidemålsstilen.
FOR NORSK, MOT SIDEMÅL!
Eg trudde eg skulle skratte meg i hjel av andre setninga. Eg veit ikkje kva oslofolk lærer, men her i Valdres nyttar me omgrepet "mål" som ei arealeining. Og det er mogleg dei hadde lært to mål dårleg, men det er då betre enn å lære to kvadratkilometer dårleg.
Og for dykk som har lurt på kvifor eg er med i FrP, og ikkje Høgre. Denne brosjyra er grunnen. Eg var faktisk registrert som medlem av Unge Høgre (men hadde aldri betalt kontingent) då eg fekk denne brosjyra, og den e-posten eg sende inn til Høgre sin hovudorganisasjon etter dette, trur eg ikkje var særskild positiv.
Haha. Bra innlegg! Vart dissa "karane" frå UH redde når du kjæfta på dei eller? :)
SvarSlettMå ha vore litt av eit syn.
Dei sa INGENTING! Dei stod berre der og stirra tomt ut i lufta. Prøvde sikkert å få ut av seg nokre gloser, men eg trur dei var MÅLlause. Så det var ein monolog, og dei oversåg meg.
SvarSlettHei Hanne:)
SvarSlettDette var eit gledeleg innspel:) Du har så all verdas rett! Vi må ikkje blande omgrepa!Det er sidemål vi ønskjar å gjere valfritt, ikkje fjerne nynorsken! Fleire 100 000 nordmenn har nynorsk som hovudmål, og det må ikkje gløymast!Eg er stolt av målforma mi! Stå på for nynorsken! Eg står saman med deg!
Beste helsing Ina Blindheimsvik:)
Første gode innlegget eg har sett av ein Frper. Gratulerer! Men du må hugse på at du står enda meir til høgre, og er difor enda meir blærete. Du burde også ha meldt deg ut av FRP når du hadde muligheita, etter episoda i Lenvik. For på vår skuledebatt var det idioten frå fpu som slakta nynorsken, og alt anna godt i landet vårt.
SvarSlettLukke til med vidare skremselspropaganda i frp. Ynskjer deg alt vel!
håper du kan få litt meir nynorskkjærleik inn i frp då :/
SvarSlett