Eg var ikkje spesielt høg i hatten i går, då eg måtte ringe Sør-Aurdal ungdomsskule, ved praksislærar, for å fortelje at eg var blitt sjuk, og ikkje kunne komme den dagen. Sjuk andre dagen i praksis. Då får man liksom kjensla av at ein er blitt stempla som ein av desse latsabbane som har tenkt seg inn i offentleg sektor for å gjere minst mogleg.
Fyrste dag i skuleverket var fantastisk. Eg hadde det verkeleg moro. Fekk prata litt engelsk i engelskundervisninga, og byrja faktisk å lære meg ein del av namna også. Men det var liksom fyrst i går eg skulle få prøve meg på undervisning. Slik gjekk det no ikkje. Eg spydde som ein gris natt til i går, og har ikkje kjent meg dårlegare sidan eg var knøttlita jente (men då hadde eg Mamma som kunne sørge for at alt gjekk bra). Eg var sikker på at eg var blitt matforgifta, men så fann eg ut utpå dagen at Mamma hadde akkurat den samma sjukdommen. Så då var det nok heller mi niese Adele som har tatt meg eit virus eller bakteri heim frå barnehagen, og slik smitta oss båe to.
Så no har eg nå brukt dagen til å rette oppgåver i norsk sidemål (eg er litt betre i dag enn i går, og klarar litt meir enn å ligge rett ut og stirre i taket). Det er moro, men eg skulle heller ynskje eg var frisk, og kunne ha møtt folk. Også eg som nesten aldri er sjuk...det måtte liksom komme no når eg gjer noko eg liker, og som eg faktisk lærer noko av..LIVET ER FRYKTELEG URETTFERDIG!!!

Kommentarer
Legg inn en kommentar