Eg har vore stor fan av Barack Obama ganske lenge no (heilt sidan han slo min favoritt Hillary R. Clinton i den demokratiske nominasjonen), og mi begeistring for den mannen er ikkje blitt mindre etter eg nettopp har lese boka hans "Å leve en drøm. Min afrikanske arv" der han på ein veldig reflektert måte skildrar reisa mot å skaffe seg identitet, og korleis det er å vekse opp i USA som farga. Og ikkje minst at det til slutt er tilfeldigheitar som kan få deg inn på rett spor i livet, men at alt dreiar seg om dei vala me tek sjølv. Dei som ikkje har lese boka, bør gjere det (uansett om ein er fan enn ikkje) - for her er det mykje å lære for alle og ein kvar.
Så ja, eg er veldig glad for at denne mannen vinn Nobelprisen. Og nei, han har ikkje redda verda eller utretta veldig store ting enno, men endring tek tid, og berre det at han ved sin enorme klokskap og sitt engasjement, har klart å bli president i USA, seier til meg at det nytter, og at vi kan skape ei betre verd.
Så får det heller vere at amerikanerane meiner det er litt "over kill" å gje prisen til ein som har vore president i under eit år.
Andre om saken:
Obama får fredsprisen (VG nett)
Årets fredspris går til Obama (Dagbladet)
Obama fikk fredsprisen (Aftenposten)
Nobels fredspris går til Obama (Nettavisen)

Å ha lest en bok som begistret deg, er ikke grunn god nok for å få fredsprisen. Det er like latterlig som Jan Egelands uttalelse om at han har møtt Obama og han var en veldig hyggelig mann.
SvarSlett