Er på veg heim til Valdres ein tur no, og har trådlaust nett på bussen. Og då går jo bussturen som ein leik. Bortsett frå at eg ikkje skjønner, når det nesten er heilt tomt på bussen, kvifor to skravlegutter med oslo-dialekt, som stanker dårleg etterbarberingsvatn, må sette seg rett foran meg. Dei ser vel at eg vil vere i fred? Og no er eg i det evige dillemmaet; skal eg demonstrativt flytte meg så langt vekk frå dei som det er mogleg å komme? Eg VEIT at resultatet truleg er at det kjem på større skravlebøtter i Sandvika eller på Hønefoss og sett seg foran meg, og kva gjer eg då? Så resultatet blir at eg skrur opp musikken på full guffe, og forsøker å oversjå/overhøre dei. Men frykteleg irriterande!!!!
Toby Keith innfridde nesten på konserten på laurdag. Han fekk nokre verkelege lunkne vurderinger i avisene, men dei var truleg ikkje heilt objektive (eller subjektive, slik som meg). Best var Dagsavisen som samanlikna låtene hans med partiprogrammet til Frp (og eg trur ikkje det var eit kompliment!). Eg vart mest skuffa over at han ikkje spelte Courtesy of the red, white and blue. Truleg fordi nokre dårlege rådgjevarar har fortalt han at han ikkje må spelle krigshissarsongar i sosialdemokratiske Noreg. Hallo?? Sjølv om Noreg er venstrevridd, så trur eg ikkje dei som går på countrykonsert er radikale. Også finn eg ut han har spelt låta i Bergen. Då blir eg forbanna!! Men truleg spelte han songen i Bergen som følge av at pøbler hadde vore på ferde i sentrum natt til sundag, og for å oppmuntre til innsats for å bygge opp pepperkakebyen på nytt, og til å ta pøblene. Så får vi verkeleg håpe bergensfolket klarer nettopp det! :)

Kommentarer
Legg inn en kommentar