For nokre veker sidan så var eg med Avisa Valdres og testa årets juleøl. Det er i dag publisert i Valdrespuls.
Eg skal vel ikkje akkurat kalle meg ein ølekspert, og var vel den i panelet som har drukket minst øl i livet mitt. Men det var verkeleg interessant å smake øl på denne måten (blindtest), og når du drikker 19 typer øl etter kvarandre, så kjenner du verkeleg forskjellen. Og for fyrste gong i mitt liv klarte eg å kjenne forskjellen på god og dårleg øl. I panelet var vi stort sett einige.
Mine toppscore var i butikkølklassa Fredrikstad sin juleøl, og i polklassa så var det Hansa som fekk desidert høgast poengsum av alle frå meg. Likevel så var det Hansa sin butikkøl som vant i den klassa, medan Christiansands bryggeri vant i pol-klassa.
Så i år, kjem eg for fyrste gong til å drikke øl til julematen. Og det blir nok Hansa sitt sterkøl som kjem til å gå ned på høgkant (sjølv om eg har ein mistanke om at min bror, Bryggerimeister Blåfjelldal, ikkje kjem til å vere sams med meg om dette. :)

Kommentarer
Legg inn en kommentar