No er eg inne i mi siste arbeidsveke her på Stortinget. Det er veldig rart. Dette har vore arbeidsplassen min i 2 1/2 år, og eg har stort sett hatt det veldig bra.
Eg hugser ein marsdag i 2007, då eg satt og sveitta over masteroppgåva mi. Eg hadde i tillegg nettopp kjøpt meg leilighet og levde stort sett på havregraut og nudler. Eg var i full gang med å fullføre masteroppgåva mi, og håpa eg skulle klare å levere til juni (sjølv om eg mistenkte det ville bli fyrst i september). Så fekk eg ein telefon frå Anders Anundsen, som då var utdanningspolitisk talsperson for FrP, som lurte på om eg hadde moglegheit til å begynne å jobbe her, sidan utdanningsfolka våre desperat trengte ny rådgjevar. Og eg skulle helst ha starta i går, som han sa.
Eg takka nei med ein gong, og sa at det kan eg ikkje. Eg må fullføre masteroppgåva mi (utdanning kjem fyrst), men eg ba likevel om å få tenke meg om eit døgn. Eg skal innrømme hovudårsaken til at eg dagen etter takka ja til jobben, var økonomi, men nok også at eg hadde litt lyst til å få meg ein jobb, og ikkje berre sitte i lesesalen på Marxistisk institutt på Blindern. Men eg hadde tidligare sagt: "Aldri i verden om eg skal bli politisk rådgjevar. Eg skal få meg ein skikkelig jobb". Fire dager seinare hadde eg starta i jobb på Stortinget (og ja, eg fekk fullført masteroppgåva samme året, men fyrst i november). Og no har eg vore her i snart tre år.
Eg har hatt fine år. Eg har lært mykje. Både om politikk, samfunn og meg sjølv. Eg ville aldri ha vore utan desse åra. Eg har også hatt ein fleksibel arbeidsgjevar som har gjett meg lønna permisjon til etterutdanning (Praktisk-Pedagogisk utdanning) og som aldri har vore vrang i forhold til at eg får fri til å ta vare på dei andre verva eg har i partiet.
MEN: eg kan ikkje bli her lenger no. Eg må ut i den verkelege verda. Det er ikkje sunt å gå rett frå Blindern til Stortinget - frå ei boble utanfor den verkelege verda, til ei annan.
Har no nett vore på Stortinget sin julelunjs no. Så blir det Stortinget sitt julebord i kveld (for alle som har sitt virke på huset). Det blir mitt siste julebord. Dette blir rart, og eg kjem til å savne mange gode kollegaer. Det er ei rekke hyggelege personer som jobber her, og dei fleste er skikkeleg kule. Men vi får håpe at eg får moglegheit til å møte som vararepresentant i løpet av perioda, slik at eg kan komme tilbake som innsatt, og ikkje ansatt for nokre dagar. :)

Kommentarer
Legg inn en kommentar