I går var eg så heldig at eg fekk vere med i smia på ungdomsskulen her i Vågå. Som den teoretikernerden eg er, med dårlege minner frå sløyden frå eigen skulekvardag, hadde eg tenkt til berre å sjå på og prate med elevane. Men det fekk eg ikkje lov til. Eg skulle prøve sjølv. Og eg var ikkje så dårleg som eg trudde. Vi er heldige i Vågå som har eit tilbod om smedfag i kunst og handverken. Men kvifor skal vi ikkje ha moglegheit til å innføre smedfag som valfag? Blir dei elevane som er skuletrøytte flinkare i basisfaga av å tvinge seg gjennom enno meir teori? Det trur eg ikkje! Å oppleve meistring innanfor praktiske fag er fantastisk viktig - både for menneskeleg utvikling og utvikling i andre fag. Eg vart i hvert fall oppmuntra av å meistre i smia. Lærarane seier det. Elevane seier det. Fleire og fleire politikarar seier det. Få på plass eit valfag i ungdomsskulen, slik at vi i Vågå til dømes kan bruke lokale fortrinn og ta vare på handverkstradisjonar, og lære opp elevane i smedf
- Hanne Blåfjelldal