Ei heil veke i Valdres betyr at ein må ta seg saman for å vitje vener, som det er så alt for lenge sidan eg har sett. Så det har eg gjort. Sjølv om det er både eit halv år og eit år sidan eg traff fleire av dei sist, så er det så å si som tida har stått stille sidan sist. Jada, det har kome fleire ungar, hus har blitt bygd og folk har flytta heim att, men praten og tonen mellom oss er som før. Vi er ein gjeng som har halde saman sidan barneskulen, og minst ein gong i året treff vi kvarandre for å skravle, drikke vin og ha det koseleg saman. Og det er alltid like triveleg, men det er jo nokon som må ta initiativ til slike ting.. Så; tysdag vart brukt til å besøke ei som har bygd seg nytt hus. Vel..huset vart bygd for omlag tre år sidan, men eg har ikkje fått surra meg opp dit enno. Og dotter hennar har eg ikkje sett sidan ho var nokre månader gamal, og no er ho snart to. Så betre seint enn aldri, men veldig på tide. Og veldig koseleg. I går var eg på besøk hos ei som gifta seg for om
- Hanne Blåfjelldal