Etter eg kom til Vågå har eg begynt å interessere meg for historie. Og historia til Vågå er spanande. Mellom anna var Vågå kjend for å ha eit blomstrande caféliv på fyrste halvdel i førre århundre. I tillegg har eg skjønt at det har vore eit anstrengt forhold mellom storbønder og vanlege folk her. Noko som eksploderte i den berømte "prestegardssaken" for omlag tjue år sidan. Og Eilert Sundt trekte fram Vågå som eit døme der det var mykje fyll og dårleg seksualmoral, noko som resulterte i fleire uekte born her enn andre plassar. ALTSÅ; er det rart eg har lyst til å vite meir om historia til denne plassen??
Så joda; eg begynte å lese bygdebok for Vågå og Sel. I fire bind. Eg fekk streng beskjed om at eg måtte begynne på bind 1 for å forstå alt. No er eg komen til Yngre Steinalder, og det har ikkje vore eit ord om korkje sex, fyll eller presteskandaler. Berre omlag tusen ulike gardsnamn har eg lese meg gjennom, kva og kor namnet stammar frå, og kor elva rann hen i forhold til garden. Og for ikkje å gløyme alle steinøkser og pilspissar som er funne både her og der. Svært lite moro; eg vil lese om folk og skandaler!! Om ikkje anna så har eg lært ein ting: Noregs fyrste mammutfunn var i Vågå. Det tykkjer eg var moro å lære. Også gler eg meg til eg endeleg kjem til 1800-talet, men eg frykter det blir lenge til!!
Lunsjpausene her i Oppvekst- og kulturavdelinga blir også brukt til opplæring i lokalsamfunn og historie, og eg er glad eg er omgjeve av kollegaer med så mykje kompetanse om Vågåsamfunnet. I går kom det omsider fram at eg var singel att (eg er ikkje den som pratar mest om privatlivet mitt, så difor tok det litt tid), og eg har aldri sett makan til glede. Då vart det feiring med is, og dei begynte å gå gjennom grend for grend for å finne ut kva eg hadde å velje mellom. Her på bygda så gjer nemlig dei kommunetilsette alt for at innbyggjarane skal bli, og helst også produsere nye innbyggjarar. Så når alt kjem til alt, så er det kanskje bra eg har lese meg gjennom alle moglege namn og standard på alle plassar i Vågå, så eg veit om det er verdt å satse på når eg får ei liste med namn og telefonnummer frå mine kollegaer. Eg føler jo liksom at eg tilhøyrer adelen...tross alt!

Kommentarer
Legg inn en kommentar