Kvar morgon når eg kjem på jobb, så har eg ein overordna som anten spør eller seier: "No må du snart ta ferie" eller "Når skal du ta den ferien din?" eller "Det er viktig at du får deg litt ferie". Det er hyggeleg at folk er bekymra for min mentale helse, og at eg jobber meg i hjel, men eg nyter dagane på kontoret om dagen, og akkurat no føler eg at eg ikkje treng ferie. Og her ser du meg sitje på kontoret med ein heilt mørk korridor i bakgrunnen, noko som betyr at eg er ganske aleine og ensom att på kommunehuset (og ingen merkar stort sett at eg er att her, så når eg kjem ut av kontoret mitt for å finne kaffe omlag klokka fire, er alle dører låst og lyset slått av).

For fyrste gong sidan eg begynte har eg normale åttetimarsdagar (eller er det sju?), og kan gå heim att seinast klokka 17. Eg har til og med nokre dagar eg kan sitje heile dagen på kontoret, og ikkje har møter, og kan lese meg opp på tematikken vi skal fokusere på i skuleprosjektet vårt, forsking, og ikkje minst lagar eg fine og fancy flotte utgreiingar (og no har eg laga både på skulemåltid, fysisk aktivitet og heildagsskule). Og eg får sortert all informasjon eg har notert meg i løpet av dei fyrste månadane her. Eg føler eg heilt fram til no ikkje har gjort noko anna enn å springe rundt frå møte til møte den fyrste tida her, så no får eg tid til å sortere all informasjon frå grendemøter, intervju med tilsette, foreldremøte, personalmøte, møter med friviljuge, næringsliv og privatpersonar. Og all denne informasjonen skal jo danne grunnlaget for dei tiltak vi skal iverksette i skulen her, og den rapporten som skal vere ferdig til 1.desember (og det er skrekkeleg kort tid til!!).
Eg får også tid til å møte institusjonar eg skulle prata med for lengst. Under ser du kaninar eg møtte på Vågåheimen, som er på utlån frå ein privat barnehage i kommunen. I morgon står skulehelseteneste og NAV for tur. Det er viktig at heile kommunen er med å medverke til utvikling i skulen - for det skal komme heile samfunnet til gode. Også kaninane på Vågåheimen!

Så nei - eg skal ikkje ha ferie enno. Og eg har ei kjensle av at om eg tek ferie, så blir eg jobbande med prosjektet uansett - for akkurat no føles det som om eg har jobben min til hobby. :)

Blir litt interessert i prosjektet (ditt) etterhvert. Håper dere tar vurderinger av det, slik at vi utenforstående kan vurdere om lignende prosjekter bør prøves i andre kommuner
SvarSlett