Ungdomsskuleelevane her i Vågå er no i gang med fotoprosjekt. I kunst og handverken, skal dei no dokumentere "Mitt Vågå" ved hjelp av å ta bilete. Veldig artig, sidan ungdom i dag kanskje er flinkare til å uttrykke meining gjennom bilete enn gjennom skrift. I dag var eg med i undervisninga for å lære noko (vi har planer om å sette foto på timeplanen på alle skulane og i barnehagane våre i løpet av hausten). Eg skal lage mine eigen fotoserie med "Mitt Vågå", og skal ta mange bilete i løpet av denne arbeidsveka. Men eg skal no starte med nokre bilete eg har take med mobilkameraet mitt dei siste vekene, som symboliserer livet mitt. Vi begynner med det siste fyrst: Besøk av gærne jenter frå Oslo i Vågå no i helga (fleire bilete kjem)! Her lager vi Hawaii Vågå før Gluntan på Bowlingen. Hanne på shoppingtur på Dokka, og berre MÅ prøve "Onepiece". Nydelig lekkert. Og til dykk som er bekymra: eg kjøpte han ikkje! Inne i istunnel i Lom tidlegare i sommar. Her
- Hanne Blåfjelldal