Hausten er drømmetid. Ingenting er betre enn å gå lange turar i haustvêret og la tankane flyge. Drømme om alt eg skal oppnå og oppleve i framtida. Den andre favorittsysla er å tulle seg inn i eit teppe i sofaen, lese ei bok og berre kjenne på at eg eigentleg er ganske lykkeleg. Det er fint. Sjølv om eg gruer meg til vinteren. I helga hadde eg besøk av min kjære veslesøster. Og vinteren er komen til fjellheimen. For ho måtte snu midt oppe på Valdresflya fredagskveld, og då vart turen til Vågå plutseleg på 39 mil. Gjev kanskje ikkje meirsmak å kome til Vågå...Eg gjekk meg ein tur mens eg venta på at ho skulle komme, og her kan du sjå bilete av kontrastar mellom haust og vinter: Men trur det vart litt betre på sundag, då vi gjekk på småbarnskafeen sitt bruktmarked, og der fann vi barnevogn. Og ja, ein ny Blåfjelldøl er på veg. Det er sjølvsagt ikkje meg denne gongen heller, men eg skal bli tante. Ida har ønskja seg unge sidan ho var bitteliten (ho skulle bli Mamma når ho vart stor - e
- Hanne Blåfjelldal