Dei orda har eg tenkt mykje i dag. Ryktene om at det var nokre FrP-folk i Tromsø som hadde støtta dødsstraff frå talerstolen i kommunestyret, nådde meg alt i går. I dag fekk vi lese det på trykk i nettavisene. Eg bruker ofte å respektere andre sine meiningar. Men når det kjem til grunnleggjande spørsmål om menneskesyn, klarer eg det ikkje. Eg lurer på kva slike folk er blitt utsett for i barndommen, når dei klarar i fullaste alvor å vere for dødstraff. Dette er ofte dei samme folka som er svorne motstandarar av abort - fordi dei er i mot å ta liv. Av alle dobbeltmoralistiske ting i heile verda, må dødsstraff vere det verste. At offentlige myndigheiter skal kunne straffe noko med døden strider mot mine liberale prinsipp om at livet er ukrenkeleg. Å ja - folk gjer avskyelege ting, og eg skjønner om folk har lyst til å drepe folk som har skada dine næraste. Men det er ein grunn til at det er staten som skal ta seg av straff - slik at det ikkje utviklar seg til auge for auge og tann for
- Hanne Blåfjelldal