Som den snobben utan sjølvinnsikt eg er, har eg på laurdag invitert til vernissasje. Og ja, også feiring av 29 1/2 årsdagen min. Denne dagen er det også "Sansedag" i Vågå, så det passar jo bra at eg inviterer til vernissasje der gode vener skal få eit innblikk i kunsten eg har styra med det siste halve året. Og eg tenkjer også det er på tide at Vågå får seg eit kunstgalleri... Eg har dei siste månadane sysla med målarkunsten som terapi for meg sjølv etter eg vart singel. Dette skulle hjelpe meg til å bli rolig og harmonisk - noko som må seiast å ha vore skikkeleg mislukka. Eg er heilt elendig til å måle. Eg eig ikkje talent. Men det er skikkeleg moro. Og det får hjerna mi til å kople av alt anna, og slutte å bekymre meg for alt mogleg rart (og eg bekymrer meg alt for mykje. Unødvendig mykje!). Og vernissasje er noko ein bør ha meir av på bygda. Så når ingen andre inviterer, gjer eg det. Så då blir det cava, fingermat, høge heler og paljetter. Og berre jenter invitert sjø
- Hanne Blåfjelldal