Folkemusikktreff i Vågå i helga, og då er det ikkje lett til å få folk her i bygda til å prioritere musikk frå Valdres i Otta kulturhus. Men om eg så skulle køyre sjølv og droppe festinga, så måtte eg liksom vere ein god Valdrespatriot når Staut spelar her i Gudbrandsdalen. Du føler deg litt bortkomen saman med ein haug med kids under 18 år, som er stæsja opp i skyhøge heler, korte skjørt og utan strømpebukse (og eg er blitt gamal som tenker; frys du ikkje, stakkars jente??). Konserten var bra den, men det er vel ei jente eg tenkjer har ein smule fylleangst i dag. Ein halv låt fekk ho stå på scena saman med Staut, der ho både song, klenga litt på bandet og ikkje minst fann seg eit rytmeinstrument som ho brukte. Eg mistenker sikkerheitsvaktane i Otta kulturhus for at dei tykte det var litt moro, og ville vente for å sjå kor langt ho kunne trekke det. For det tok laaang tid før dei henta ho vekk. Tipper ho har bittelitt fylleangst i dag, og det var nok fleire som også tok bilete av det
- Hanne Blåfjelldal