Fylkesårsmøte i Oppland FrP i gang. Eg er her som gjest, utan stemmerett, og har tenkt til å bruke tida på å berre lytte (vi får sjå om vi klarar). Grunnen til at eg er her, er at eg har takka ja til eit fylkestingscomeback. Eg har ingen tillitsverv att, men i morgon står eg altså på val som 2.kandidat til fylkestingsvalet. Ingen motkandidat. Det er med blanda kjensler eg gjer dette her, men eg trur det er rett. Også veit eg at det er få som bryr seg om fylkestingsnominasjon og fylkespolitikken, så eg kan vere anonym utan å stikke meg mykje fram. Det passar meg perfekt!

No er stortingsrepresentant Bård Hoksrud på talerstolen. Mannen som var formann i FpU då eg vart aktiv, og som også leia vår ungdomsorganisasjon under all den moroa som ekploderte i 2001. No er han stortingspresentant og medlem av Sentralstyret - og altså gjest her på fylkesårsmøtet i Oppland. Flink fyr Bård. Ein person som evner å vere både snill og tøff samtidig. Det er beundringsverdig!
Under minus tjue grader på Fagernes. Bikkjekaldt. Som alltid når vi har fylkesårsmøte her føler eg.

Kommentarer
Legg inn en kommentar