I dag har eg sendt ut invitasjonar til 30-årslaget mitt. Eg veit det er nesten to månader til, men eg tenkte eg skulle vere tidleg ute. Feiringa blir i finstasen ute i naturen. For liksom å kombinere det som er meg; ei jåle på bygda. Og som eg gler meg! Eg håper alle mine beste vener kjem opp hit til Vågå for å feire at livet er fantastisk saman med dei nye venene eg har fått her i Vågå. Det blir nok eit knippe fantastiske jenter som skal ha denne helga saman. Er eg nøgd med livet mitt? Ja, det kan eg faktisk seie eg er. Eg føler meg sjeldan einsam, har fantastiske vener, ein jobb eg elskar og hobbyar eg trivst med. Og eg tykkjer ikkje det er ille å skulle bli 30 i det heile take. 30-årskrise? Tja..ikkje enno. Kanskje panikken på eit tidspunkt slår meg fordi eg ikkje har mann og ikkje ungar....men då er det fordi eg trur at det er fordi omgjevnadene forventer av meg at eg gjer som alle andre. Eg har i alle fall blitt såpass stor at eg har skjønt at eg må gjere med livet det eg
- Hanne Blåfjelldal