Gå til hovedinnhold

Til stader eg aldri har vore før...

No gler eg meg til dei neste vekene. Dagane kjem til å gå i eitt på grunn av ganske mange møte, men eg skal også besøke mange plasser eg aldri har vore før, og eg kjem til å lære mykje nytt. Livet er spanande om dagen, og det er flott.

Spanande ting 1:
Eg har takka ja til å sitje i ei gruppe for Energisenteret på Hunderfossen som skal jobbe med ny utstilling retta mot publikum og mellom anna då skuleelevar som ei viktig målgruppe. Det blir lærerikt, og forhåpentligvis kan eg medverke med noko også. Fyrste møte er på Hunderfossen neste veke.

Spanande ting 2:
Neste veka deretter skal eg til Bodø på konferanse arrangert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Dit kjem også Anne Bamford - dama som laga rapporten som har prega ideologien til skuleprosjektet i Vågå; nemlig "The wow factor". Denne rapporten viser mellom anna at har du god opplæring i og gjennom kunstfag, vil elevane få betre basisdugleikar, og også utvikle gode karakterar inni seg. Ho har no kartlagt situasjonen for kunst- og kulturfag i Noreg, og skal legge fram resultata på denne konferansen. Eg har heller aldri vore i Bodø - utanom på flyplassen, og det teller vel strengt tatt ikkje...og så skal eg ta nattog og bu i sovevogn på veg oppover. Det har eg heller aldri gjort før.

Spanande ting 3:
To dagar etter eg kjem att frå Bodø, så reiser eg til Frøya. Også ein plass eg alltid har drøymt om å reise til. Heilt sidan eg studerte geografi ved NTNU, har eg drøymt om å reise hit. Då skulle vi nemlig på feltarbeid til nokre nedlagte fiskerisamfunn på Frøya. Eg fekk ikkje vore med på grunn av valkamp. Kva politikken har øydelagt for meg....Men no skal eg altså til Frøya for å prate om prosjektet i Vågå, og gjett om eg skal nyte ei heil helg der...

Spanande ting 4: Valdres no i helga. For lenge sidan sist no. 30-årslag nummer 2 i år. Og snart berre to månadar til min tur...JIPPI!

Spanande ting 5: Eg er berre veldig glad om dagen. Finfint! :)

Kommentarer

  1. Jeg kan berolige deg med at Bodø er Norges styggeste by. Den oppleves best fra hotellrommet.

    SvarSlett
  2. Sa drammensaren :p


    Oddvar

    SvarSlett
  3. Okey, men då har eg i alle fall togturen til å glede meg til. Å bu på NSB sovevogn ei natt er noko ein bør oppleve før eg døyr. Og om ikkje anna bør jo alle ha opplevd å vere i Noregs styggaste by også...sjølv om eg er usikker på om Bodø slår Otta...

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser