Etter nokre dagar heime på ferie i Bagn, føler eg det er på tide å arrangere ei kåring av kven som er beste plassen å bu av dei to plassane som begge ligg mitt hjarte nære. Bagn eller Vågåmo? Oppvekstplass eller ny heimplass? Bagn i Sør-Aurdal kommune. Plassen eg vaks opp. Vågåmo i Vågå kommune. Plassen eg no bur på. 1. Shopping-moglegheiter Bagn har to matbutikker, ein bensinstasjon, Nille, apotek, sportsbutikk el-butikk, blomsterbutikk og Brustad med klede. Vågåmo har heile fire matbutikkar, to bensinstasjonar, apotek, el-butikk, klede, blomsterbutikk og POL. I Vågåmo får du meir sentrumskjensle. I Bagn er alt samla på det som ein gong var Valdres' største kjøpesenter. Vel...det er vel ingen tvil om at begge plassane ikkje er plassar eg "går på shopping", men her får Vågåmo ein knepen seier. Vågåmo 1 Bagn 0 2. Skjønnhet Vanskeleg. Vanskeleg. For eitt år sidan ville eg sagt Vågåmo. No ser eg på Bagn med nye augo. Det er verkeleg vakkert her. Sjølve sentrum er n
- Hanne Blåfjelldal